“25. mai 1912: I gaar var det fyrste dagen eg gjekk berrføtt iaar”. Bertin Nilsson Seland (1899 – 1931) var frå garden Seland i Fjotland. Både han og den to år yngre broren Severin skreiv dagbøker i barne- og ungdomsåra. Gjennom dagboksnotatane får me kunnskapar om og innblikk i korleis kvardagen kunne vera for ein unggut på ein gard i Fjotland tidleg på 1900-talet. Me kan fylgja gjeremål i kvardag med arbeid og skule og fest, gjestingar og høgtid gjennom heile året. Gjennom desse dagbøkene og ved å intervjua personar som voks opp på 1920- talet i Fjotland, formidlar me livet på garden slik born og unge opplevde det.

Programmet kan du lytte til her:

Barn og unge på garden: http://vimeo.com/35883901

Les om dei andre programma her: Fjotland før i tiæ