Saubsteinen, stein som stod på garden Åmland i Fjotland som gardsfolket slo ei bytte saup over kvar jolaftan til vern mot alt vondt. Gunnar Åmland, truleg Gunnar Olson Mjåvatn (f. 1804), som hadde garden nokre år på 1870-talet, fjerna steinen og la han i ein bekk eller ein mur. Han meinte steinen var ein avgud.
SAM
Kjelder:
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. 1949
Johan Jerstad/Tor Veggeland: Fjotland gards- og ættesoge 1979
Peter Lunde: Kynnehuset 1924