Netland ligg i Vesterdalen,på vestsida av Kvina, like sør for Risnes. I 1612 vart garden skriven Nedland, mens i 1619, 1668 og 1723 var det Netland.
Futen Niels Jenssøn selde i 1508 øydegardane Netland og Risnes til sirdølen Kolbein Gudtormsen Josdal, og sonen Gullik kom med siste betaling 1541.
I Vest-Agder er dette gardsnamnet berre å finne i Nes ved Flekkefjord, Gyland og Fjotland, mens i Rogaland finn ein det mellom anna i Eigersund, Soknedal og Bjerkrheim. Dette er same namnet som Nesland. I Åseral er finst ein gard med namnet Nesland elles finst det mellom anna sju stadar i Telemark og fire stadar i Aust-Agder.
Garden ligg på eit Nes i Kvina, og difor har den fått namnet Netland (sl – tl). Gardsnamn på land er mest utbredt i Vest-Agder og Rogaland, og -land tyder jordstykke, grunn.
PØR
Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgeskart.no