“Då grauden stod feri’ jolekvelden, gjekk dei ud og skaud med dynamitt så gardan’ omkring visste ko’ langt dei va’ komne med jolemaden. Dei skaud inn jolæ, som dei sa”.

Jola var ei høgtid som i stor grad sette krav til eit intensivert arbeid, og det var gjerne kvinnene som merka jolestrida sette inn. Bakst, matlaging og vask var viktig førebuing til høgtida.

I dette programmet var det naturleg å prøva å grava fram særeige joletradisjonar frå Fjotland som går ut av bruk. Ein viss jamføring mellom før og no gjev programmet eit perspektiv.

Programmet kan du lytte på her:

Jola: http://vimeo.com/35883215

Les om dei andre programma i serien her: Fjotland før i tiæ