Ludvig Ludvigsen Daae, historieprofessoren med oppvekst som presteson i Kvinesdal og som i fleire bøker skildra kulturhistoriske tilhøve i Fjotland og Kvinesdal.

Daae var fødd i Aremark i Østfold 7.12.1834 og døydde i Oslo 19.2.1910. Frå 1841 til 1856 budde Ludvig i Kvinesdal der stykfaren, Diderik Hegermann Brochmann, var prest. Han kom til å studera filologi. Sidan arbeidde han som universitetsbibliotekar og blei utnemnd til professor i historie i 1876.

Daae gav ut fleire kjeldesamlingar. Mykje av forskingsarbeidet hans hentar stoff frå dansketida, og han hadde 1400- og 1500-talet som spesialfelt. Forskinga hans blei m.a. publisert i ”Historisk Tidsskrift”. I fleire av bøkene hans finn ein stoff som omtalar og handlar om Fjotland. Mellom desse er ”Norske Bygdesagn” (1870-72), ”Norges Helgener” (1879) og ”En Krønike om Kvinesdal” (1894). Daae er mannen bak nemninga ’bondehelgen’ som han nytta om personar det er knytt ein form for lokal helgenkult til. Besse i Knaben er ein slik bondehelgen Daae skildra.

Grunnhaldninga hjå Daae var gjennomgåande konservativ. Han syrgde m.a. over at latin miste posisjon i den høgare utdanninga.

                                                                                                                                             SAM

Kjelder:
Arne Bergsgård: I: Norsk allkunnebok. Oslo 1948.
Alv Egeland: I: En Krønike om Kvinesdal (2. utg.). Forord. Kvinesdal 1998