Tron Hoskuldson budde på Nedre Kvinlaug i Fjotland, åtte heile garden åleine og gjekk for å vera særs rik. Husa han hadde på garden var store og bygt med grovt og stort tømmer. Langbordet hans var gjort av ein einaste alvedplank, og det var so langt at ein måtte kappa av det for å få plass i andre hus seinare, for det fanst ikkje so rommelege hus som Tron sine etter hans tid. Bordet skal etter det eg kjenner til framleis vera til (nokre meiner det står på Fjotland Bygdemuseum). Stolpebua hans (loftet) var vidspurt. Det var av altømmer, og i staden for mose mellom stokkelaga hadde han raudt kledestoff som hang tri fingersbreiddar ned ved alle omfar.

I Trons tid skifte garden i sør med Røynestad i Kvinesdal. Ein gong grannen, Knud Røynestad, var på vitjing, bar han ein hatt som Tron tykte var so omframt gild. Denne ville han gjerne kjøpa, men det ville ikkje røynestadmannen gå med på, men han flidde Tron hatten og sa han skulle få han. Dette takka Tron for og sa at dette skulle ikkje røynestadmannen ha gjort for inkje. So då grannen noko seinare kom til Tron for å kjøpa tømmer til nye setehus og uthus på Røynestad, sa Tron han kunne ta det han trengte til bygginga si, og det skulle ikkje kosta han noko – det skulle han ha for hatten han hadde fenge.

Tron Hoskuldson for mykje på handel med spøt og hestar. Han gjorde oppkjøp på Vestlandet og selde austover mot Telemark. Ein gong var han til Heskestad og handla hestar med ein Gudmund han kjende frå før. Dei fastsette ikkje betalingstid, og då han kjøpte opp fleire hestar i same bygda, avtala Tron berre dei skulle få pengar når Gudmund fekk. Men tida gjekk og ingen høyrde frå Tron Hoskuldson. Heskestadbuane for til Fjotland for å krevja Tron for pengane han var skuldig. Nesten framme ved Kvinlaug avtala dei at Gudmund først skulle gå ned til Kvinlaug-garden åleine. Motviljug gjekk Gudmund inn i stova til Tron. Tron stod bryna på ein kniv, Gudmund blei redd og ville leggja på sprang, men Tron tok han att og baud han god mat og drykk og betalte han so alt det han skulda heskestadbuen. Gudmund fortalde om dei andre i følgjet. Då sa Tron: ”Du tar kje vera redd’e om æg skyde ette dæg når du gjeng’e. Det e’ ein skikk æg he når æg vil æra folk”. Han skaut med lauskrut etter Gudmund som sprang frå garden, og dei andre som låg og venta, strauk frå Fjotland det snaraste dei kunne. Men sidan skal Tron ha sendt pengar til dei òg.

Ein annan gong skal Tron ha vore matlaus, og han la i veg til Flekkefjord for å handla, men hadde ikkje pengar eller bytevarar med seg. Han kom i tale med ein skippar på ei kornjakt. Tron tok til å leggja ut om kor god skyttar han var. Det blei til slutt gjort veddemål om at Tron skulle greia å treffa vimpelen på skuta sjølv om han stod heilt borte på Sundesida. Skipparen vedda 5 tønner rug og Tron 5 dalar imot. Tron trefte midt i vimpelen. Skipparen blei sint og ville vedda ein gong til. Det var Tron med på, men denne gongen skaut Tron med laust krut og sa til skipparen: ”Dyredø, hol i hol!” Og skipparen trudde han, seier segna.

Når Tron reiste i bryllaup, likferd eller gjestebod, seier folk han alltid hadde med seg stridsøksa si. Ein gong han og kjerringa var på veg til eit bryllaup, steig han av hesten ved Ånebreune over Kvinlaugsevjå og ville kasta kona si på åna. Dei må vel ha vore usamde om noko. Men ho bad han spara henne, so skulle han aldri sjå henne att. Og ho fekk reisa sin veg. Dei fortel at Tron blei verre slåstkjempe og drikkar etter dette. Då han nokre år seinare var på ferd heilt til Rauland i Telemark, kanskje det var på handelsferd, møtte han att kona i eit hus på Kråmtveit der ho var gift på ny. Tron var redd kona skulle sladra på han so den nye mannen hennar ville drepa han, men det gjekk godt. Han fekk husrom for natta, og dagen etter då han skulle dra, stakk kona til han ein femdalar og nista han ut so drusteleg. Det blir fortalt at Tron alltid seinare kjende det vondt når han tenkte på kona si som var komen til Rauland. Kjelder i Telemark stadfester langt på veg denne segna med denne kvinna som kom vestanfrå.

Tron blir framstilt som modig. Han var kanskje den første fjotlendingen som la ut på ein ekspedisjon. Futen Tostrup skreiv i 1743 om Tron som saman med ein mann til og hest for eit par mannsaldrar sidan hadde lagt innover heiane for å finna ut kor langt heieområdet nord for bygdene våre var. Han måte snu etter 6 dagar pga snøsmeltinga. Men dette kan gje oss ein peikar på kva slags vitehug og mot som følgde med Tron Hoskuldson og som skin gjennom i folkeminnet.

Mot slutten av livet gjekk det til atters med Tron. Han levde kanskje over evne? Han sette garden i pant, og garden blei delt opp med brukarar som ikkje høyrde til slekta. Ingen av borna overtok farsgarden, heiter det i segnene, men det ser ut til at ei dotter nytta åseteretten og sat på Kvinlaug den neste generasjonen. Etterkomarane hans kom elles til Spikkeland og Risøyne som til då hadde vore utkantar av den ein gong so svære garden.

Tron Hoskuldson var ein uvørden kar. Det vitnar både folkeminnet og historiske kjelder om. I følgje historiene om Tron seiest det at han blei dømt for drap heile tri gonger og måtte løysa freden ved å betala bøter til konge og dei krenkte sine familiar. Historiske dokument stadfester at han iallfall drap éin mann og løyste freden for det med bøter. I tillegg er det kjent frå sakefallslistene i lensrekneskapane at han var bøtelagd for fleire valdsepisodar, m.a. overfall på ein lensmann i 1613, og at han sjølv ulovleg har pågripe tvo personar. I 1672 fekk Tron 12 riksdaler i bot for å hatt samleie med Barbro Sigbjørnsdotter Helle og 1 riksdaler og 2 ort for å ha bite Olav Olson Fjotland. So finn me at Tron var mellom dei bøndene som aktivt opponerte mot skattetrykk og herteneste. Ikkje berre Tron var innbalnda i valdsepisodar. Sonen hans, Atlak, skal ha endt livet i eit slagsmål på Haddeland i Eiken.

Drap som blei bøtelagde, var ofte drap i sjølvforsvar eller drap i vanvare, ofte med bakgrunn i krangel og ordhoggeri som blei oppfatta som ærekrenking eller trugsmål. Dette var ofte det ein kan kalla vald mellom likemenn. Valdssaker var på ein heilt annan måte knytt til såra ærekjensle – til forskjell frå t.d. tjuveri som var sett på som simpelt og ærelaust og ofte med vel so streng straff som mange valds- og drapssaker. Oftast var øl og drykk ein viktig medverkande valds- og drapsårsak på denne tida. Det er òg typisk at det er jamt over  ressurssterke menneske som figurerer som drapsmenn i drapsstatisktikkane på 1500-talet og eit godt stykke inn på 1600-talet. Kanskje ser ein her siste rest av vikingtidas mentalitet: Det kunne faktisk gje mannen status å vera brutal eller å ha liv på samvitet. Det vitna om manndom og å vera i stand til å redda æra. Og det er vel ikkje til å stikka under ein stol at brorparten av drapa på denne tida faktisk fann stad i Telemark og på Agder, eit område av landet med høg del av sjølveigande bønder, og kan henda var det der ein var herre i eige hus at ein tydde til vald for å sikra heimeretten, ein valdsbruk som etter kvart var blitt tydeleg kriminalisert av statsmakta.

Legitim valdsbruk knytt til æresforsvar i Tron Hoskuldson si samtid kunne nok vera ein årsak som gav framtoninga hans appell hjå bygdefolket. Han var ein vågesam mann som tydeleg sa frå om høgt skattepress og pålegg frå ivrige embetsmenn, forsvarte æra – ein mann med integritet etter tidas syn. Slik oppnådde han statusen som bygdehelt mellom folk. Og truleg følgde glansen av ein mann som viste kva han stod for, med til ettertida – men kanskje med ein skrekkblanda fryd i det totale biletet som sogene gav av Tron.

Tron Hoskuldson Kvinlaug er altso ein historisk person, men me må gå ut frå at mykje er lagt til av det som blir fortalt om han – ikkje minst fleire tydelege vandresegner eg ikkje har teke med her i dag som ogso inneheld møte med underjordiske osb. Ogso fleire andre historier om Tron som eg ikkje har nemnt her i dag er elles opplysningar som historisk kan knytast til generasjonen før og etter han, men plassen han har fenge i folkeminnet, har ført til at han har teke opp i seg og blitt opphavsmannen til meir enn det han sjølv gjorde i eige liv.

Svein Arne Myhren (utdrag frå foredrag på Fjotland Bygdetun i 2011)