Trygve Martinson Eftestøl, lærar, klokkar, gardbrukar, spelemann og handverkar frå Risnes i Fjotland som var av dei aller viktigaste utøvande tradisjonsberarane innan musikk og handverk i Fjotland i den 20. hundreåret.

Eftestøl var fødd 19.1.1901 og døydde i 1993. Han var utdanna formingslærar frå Statens Husflidsskule på Blaker i Akershus.

Arbeidsskulen i Fjotland var arbeidsplassen til Eftestøl i ein mannsalder. Han var tilsett i den ambulerande snikkarskulen frå 1928 og fram til midten av 50-åra, seinare i framhaldsskulen og som sløydlærar i dei ulike skulekrinsane i Fjotland. Han dreiv samstundes heimegarden og var klokkar og kyrkjesongar i Netlandsnes kapell.

Eftestøl var ei sentral og viktig kjelde og tradent av det gamle felespelet frå Fjotland. Han var mykje brukt som spelemann i bryllaup. Han spela òg bukkehorn og munnharpe, og han vidareførte verdfullt lokalt songmateriale til ettertida. Det finst om lag 100 slåttar og annan tradisjonsmusikk etter han. Eftestøl er representert med opptak og nedskrifter i ulike folkemusikkarkiv i Noreg, m.a. i Agder folkemusikkarkiv. Han laga òg feler.

I 1982 mottok Eftestøl kongens fortenestemedalje i sylv.»
Lisa Biktjørn Haugeland leverte i 2020 ein masteroppgåve om «Trygve Eftestøl og det gamle spillet»

SAM

Kjelder:
Sverre Eftestøl: På gamle tufter [CD-hefte] 1996
Johan Jerstad/Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Tor Veggeland: Fjotland. Kultursoge 1984