Jerngryta var eit kulturpolitisk tidskrift som kom ut i Fjotland frå 1980-1985. Totalt kom det ut 424 sider med over 100 ulike skribentar. Det var smått og stort frå bygda. Første utgåve kom i desember 1980.

Redaksjonen bestod frå starten av: Torkel Moland, Eli Gundersen, Else Britt Moland, Solveig Galdal, Arnfinn Moland og John Petter Lindeland

Dei utarbeidde vedtekter for «Jerngryta» der het det mellom anna at det skulle vere:

–  eit kulturpolitisk organ som er partipolitisk nøytralt. Det skal fremja kultur frå distriktet
–  skal vera både eit  organ for skribentar  med  litterært stoff, og eit organ for meiningsfylte artiklar av filosofisk, politisk og kulturell art.
– legg vekt på å auka forståing og innsikt på viktige problemområde.
–  er meint  som  eit  steg  på vegen mot større kulturell aktivitet i lokalsamfunnet.
– tek  ikkje  sikte  på forteneste. Alt overskot blir brukt til subsidiering av nye oppgåver av «Jerngryta» eller til dekning av underskot, men nok kan og brukast til andre kulturtiltak.
–  har ikkje reklameannonsar

Bladet gjekk inn i 1985 etter vel fem år.

Per Øistein Rogstad

Kjelde:
Jerngryta nr 1 1980