Vintaren 2009 fekk Fjotlandsrosa følgje Nils Ro i bygginga av Langeleik nr 21 frå hans hand. Det er ein kopi av langeleiken som Torgrim Knaben (1768-1836) laga til dåpsdagen til dottera Turi i 1817.

Langeleik er eit av dei meir særmerkte folkemusikkinstrumenta som var vanleg i Fjotland. Instrumentet med 5 eller 6 strengar var mykje i bruk i tidlegare tidar. Nils Ro på Gjemlestad har tatt utfordringa og bygger langeleikar, kopiar av gamle fjotlandsinstrument.

Me fekk følgje med då han laga langeleik for Svein Arne Myhren i Fjotlandsrosa.no vintaren 2009. Det er ein kopi av langeleiken som Torgrim Knaben (1768-1836) laga til dåpsdagen til dottera Turi i 1817. Fire lange og to kortare strenger er å finne på denne langeleiken. Denne leiken var måla  grå med teksten i raudt: ”Turi Torgrim Dotter Knaben 1817”. Ein liknande langeleik er å finne på Norsk Folkemuseum, den blei kjøpt inn i 1921.

Kopi av ein langeleik frå 1817
‘Nils Ro som har bakgrunn som mellom anna teknisk teiknar, har laga detaljerte arbeidsteikningar både av desse to og ein som er å finne på Bergen Museum. Alle tre spennande langeleikar som kan ha røter i Fjotland. Langeleiken på Bergen museum er sagt å kome frå Knaben i Fjotland.
– Denne har berre fem strengar, og det kan tyde på at den er eldre enn den Torgrim Knaben laga i 1817. Problemet er at museet manglar datering på han. Leiken er særs lik ein annan langeleik som kjem frå Skeie i Eiken. Den dukka opp på ein auksjon i Holt for nokre år sidan, og er no i privat eige. ”Torgir Siursen Skeye Ann. 1785” står det måla på han. Om det er «Torgir» som har laga han eller om han fekk den laga til seg, det er ikkje lett å seie. Han var fødd i 1763, og flutte etter kvart til Kristiansand.  Langeleiken kom seinare til Holt ved Tvedestrand der den til slutt kom på auksjon etter eit eldre søskenpar. Det er ikkje umogleg at denne langeleiken kan kome frå Knaben, og frå same hand som den som nå er på Bergen Museum, meiner Nils Ro,

Eit møysommeleg arbeid
Det er eit møysommeleg stykke arbeid å lage ein langeleik. Utgangspunktet er eit heilt granstykke. «Så langt har han laga til emne til den nye langeleiken, og tatt til å frese ut for resonanskasse», Dette skreiv vi på Fjotlandsrosa.no 15. januar 2009. Då vi kom attende til Nils Ro 3. februar 2009, var langeleiken i ferd med å bli ferdig og mykje av den flotte karveskurden gjort.

Då var kvinnehovudet på plass som prydar langeleiken, det same var strammeskruane og sadlane som skal halde oppe strengane. Til venstre var det frest eit spor som skal gje plass til notene som er små treklossar som plasserast med ulik avstand. Notene ligg under to av strengane, og plasseringa av dei sørgjer for stemminga av instrumentet.

Langeleik nummer 21
Ved tredje besøk 18. mars hos den duglege langeleikbyggjaren på Gjemlestad i Austerdalen, kunne vi få sjå den ferdige langeleiken slik den no blir levert til kunden. Det var spennande å kunne få sjå resultatet, av nærare to månadars nitid arbeid. 

Slik ser den 21. langeleiken ut frå Nils Ro. Det er den også merka med på undersida. Der er det skrive:

Kopi av langeleik, laga av Torgrim Knaben i 1817.

Kvinesdal 2009
Nils Ro

Vi er imponerte over det flotte arbeidet Nils Ro har lagt ned.