Hausten 2019 kom ut ei ny utgåve av boka Kynnehuset frå Kvinesdal historielag. Dette er ei spennande samling av vestegdske folkeminne som folkeminnegranskaren Peter Lunde gav ut i 1923-24.

I 1923-1924 gav Norsk Folkeminnelag ut bøkene Kynnehuset av folkeminnegranskaren Peter Lunde. Peter Lunde hadde brukt mykje tid på å samle vestegdske folkeminne. Mye av stoffet var henta frå indre vest-Agder. Fjotland var utan tvil den bygda Lunde hadde henta mest stoff frå, men også Eiken, Grindheim og Bjelland er det ein del stoff i frå. Lunde var sjølv fra Søgne.

Kvinesdal historielag i samarbeid med Kvinesdal Mållag, har nå gitt ut ei ny utgåve med eit rikt bilete- og illustrasjonsmateriale. Originalane var to små bind.

Bøkene til Lunde har vore viktige kjelder til bruk for lokalhistorikarar. Mellom anna har Johan Jerstad henta mykje stoff frå Kynnehuset i Fjotland sogebok.  

Også vi i Fjotlandsrosa har hatt stor glede av Lunde sine bøker. Vi er difor glade for at nyutgåva har kome til glede for nye lesarar. 

Kynnehuset har blitt ei  praktbok med mange flotte illustrasjonar og bilete som gjer stoffet meir levande.