Stakkeland ligg vest for Øvre Kvinlaug, på vestdsida av Kvina. Garden er nemnd som Stacheland i 1612, Stocheland i 1668 og Stacheland i 1723. Namnet er nok etter toppen Stakken ved garden. Det var øydegard i 1600, og den garden låg kanskje nærare Krågeland. Garden låg under øvre Kvinlaug.
Dette er eit gardsnamn ein berre finn i Fjotland, Kvinesdal og Lyngdal. Garden som liggg i Austerdalen i Kvinesdal er fråflutta. Mange stad- og gardsnamn byrjar på Stakk-, frå Stakkvik i Karlsøy til Stakkebakken i Farsund.
Som mange andre gardar i Fjotland ender namnet på –land. Land tyder jordstykke, grunn. Forstavinga Stakke- meiner O. Rygh kjem frå norrønt stakkr som tyder kornstakk eller høystakk. Sjølv om Stakkeland ikkje er nemnt i stadnamnleksikon, har dei med namnet Stakkvik i Karlsøy i Troms som dei legg ut på same måte.
PØR
Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgeskart.no