Gunsteinsli ligg i Vesterdalen mellom Lindefjell og Moland. I 1668 er garden skriven for Gunstenslien med Moen, mens i 1723 var det blitt til Gundsteenlie med Moen.
Garden er komen frå Lindefjell. Det var frå gamalt to gardar, Moen og Gunstensli.
Dette gardsnamnet er bare å finne i Fjotland. Mannsnamnet Gunstein er å finne i nokre samstillingar på stadnamn på naturformasjonar som myra Gunsteinsmyr i Marnardal og Gunsteinstjønn i Kristiansand.
Mannsnamnet Gunnsteinn var vanleg i Noreg i mellomaldaren, og framleis i bruk i Ryfylke og Agder. 112 menn heiter Gunstein og 108 Gunnstein, i følgje namnestatistikken til Statistisk Sentralbyrå (29.09.2022).
Mange stadnamn har –li som siste ledd. I Fjotland har vi det også i gardsnamna Solli, Bergesli, Bruli og Salmeli.
PØR
Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgeskart.no
Statisktisk sentralbyrå: www.SSB.no, namnestatistikk