Lindhommen ligg i Kvenåsen skulekrins like aust for Seland. Garden er nemnd som Lindhommen i 1668 og 1723.
Lindhom seiast vera komen frå Seland, men Linndhomstølen ligg som ei øy inne i Lindelandsmarka, så det er meir rimeleg at han er skild ut frå Lindeland.
LIndhommen er også garden Ivar Aasen overnatta på sommaren 1858 under ei samlarferd i Indre Agder. 26. juli kom han til Lindhommen i Fjotland. Der fekk han nattelosji hos ”Tosten” i Lindhommen. Han kom til Fjotland frå Sirdal, der han hadde reist nedover frå Fidjeland til Sirdalsvatnet.
Det er ikkje mykje å finne om besøket i Lindhommen i dagbøkene til Aasen. Han skreiv bare:
”Fra Tonstad tilvands til Strandalid (1 1/2). Derfra med en Fører over Heiden til Lindhom i Fjotland ( 1 1/4). Tildeels Uveir. Torstein Lindhom meget snaksom.”
Etter søk i Statens kartverk si database finn ein dette gardsnamnet kun ein stad i landet og det er i Fjotland. I Åseral er det ein dalbotn som er kalla dette. Hom er vanleg både som første- og sisteledd i mange stadnamn, ikkje minst i Agder-fylka, men likevel er det altså bare i Fjotland ein finn Lindhommen. Variantar som Lindhom finst ikkje i databasen.
Stadnamnleksikonet viser til at på gammalislandsk ser det ut til at hvammr tyder liten dal. I ein del norske dialektar fann Ivar Aasen følgjande tyding: ”En afkrog, en Dal eller Vig, som er omgivet af høie Bakker, saa man ikke kan se den i noen Frastand”.Per Seland forklårar hom som eit jordstykke som har høgdedrag på tre sider.
Lindhommen må difor bety eit jordstykke mellom høge bakkar, der det veks Lindetrær.
PØR
Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Per Seland: Kvenåsen krets i Fjotland 1981
Statens kartverk: Norgeskart.no