Bernt Atlakson Spillebrok, lærar, dekn, målar, spelemann, emissær og ordførar frå Øygarden i Fjotland, kjent for å ordleggja seg slagferdig og løgje, samstundes som haugianaren Spillebrok var ein alvorleg forkynnar og god menneskekjennar og sjelesørgjar.

Spillebrok var fødd 28.7.1802 og døydde 12.1.1886.

Spillebrok byrja lærargjerninga etter prøve hjå presten i Vanse på Lista i 1823. Han hadde lærarpost i Fjotland frå 1826. Han var kyrkjesongar i Fjotland frå 1824, og hadde òg kyrkjesongarombodet for kortare tid i Hægebostad (1829-30) og Spind (1853). Han var lærar i Kristiansand i 1854. Han var sidan lærar og kyrkjesongar i Fjotland til han gjekk av for aldersgrensa i 1864.

Spillebrok var fyrste ordføraren i det nyskipa Fjotland herad. Dette var i 1837 då Formannskapslovene gav meir utstrekt, lokalt sjølvstyre. Han sat til 1841 då Fjotland gjekk i samband med Kvinesdal og Feda.

I ungdomen var Spillebrok kjent som spelemann. Han dreiv òg som målar og rosemålar. Også som forteljar sette han merke etter seg: Det er nedskrive mange, humoristiske småhistorier etter han.

Som emissær for Lutherstiftelsen og indremisjonen i Kristiansand reiste Spillebrok mykje på Agder, men var jamvel heilt til Romerike.

Spillebrok fekk utmerking frå regjeringa for lærararbeidet sitt i 1839.

SAM

Kjelder:
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok 1949
Johan Jerstad/Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Tore Pryser: Norsk historie 1800-1870 1996
Tor Veggeland: Fjotland. Kultursoge 1984