Gudtorm Persson Eftestøl, rosemålar, treskjerar og handverkar frå Eftestøl i Fjotland som dana skule for den såkalla Vest-Agder-stilen innan norsk dekorativ bygdemåling og er blitt ståande som den fremste representanten for rosemålinga frå Vest-Agder.

Eftestøl var fødd i 1779 og døydde i 1856.

Rosemålaren frå Eftestøl arbeidde i ulike format. Han arbeidde i mange format: Han utførde større interiørmålingsarbeid som å måla Bjelland kyrkje til å dekorera ølbollar og kister.

Eftestøl var kjent for sikker form- og fargesans. ”Å måla som Gudtor i Eptestøl”, var eit lovord i Fjotland., og han er òg då blitt vurdert som den fremste rosemålaren frå bygda og fylket. Sønene Per og Bernt vidareførde handverkstradisjonen etter faren og var gode rosemålarar. Fleire av hans arbeider kan du sjå på digitaltmuseum.no.

SAM

Kjelde:
Nils Ellingsgard: Norsk rosemåling. Oslo 1981
Oppdatert 21.10.2015, PØR