Fjotlandsrosa.no er ein nettstad for og om kulturhistorie frå Fjotland. Bygda som ligg øvst i Kvinesdal kommune i Vest-Agder, var eigen kommune fram til 1963 og sjølvstendig prestegjeld til 1971. Namnet «Fjotlandsrosa» signaliserer at me ønskjer å løfta fram sentrale sider ved kulturhistoria: Dei rike rosemålingstradisjonane i Fjotland har gjort bygda kjent. Rosemålinga var lokalt forankra, men den beste var nyskapande og lét seg inspirera av internasjonale impulsar. I denne tradisjonen ønskjer me å stå: Me håper me kan formidla tradisjonsstoff, samstundes som me på nokre punkt freistar å gjera det på nye måtar og med andre vinklingar slik nettmediet gjev høve til. Me vil difor òg ha med aktuelle saker frå vår eiga tid som knyter til den kulturhistoriske profilen på nettstaden. Me vender oss til lokal- og kulturhistorisk interesserte generelt, og til fastbuande og utflytte fjotlendingar og fjotlandsvener spesielt.

Stofftilfanget er stort om ein skal ha med alt av kulturhistorie i ei bygd. Førebels har me valt å konsentrera oss om nokre temaområde. Ein vil såleis finna lite stoff om enkelte større tema som har vore viktige for bygda, så som utvandringa til Amerika og gruveeventyret på Knaben. Her viser me til andre kjelder (sjå Kjelder og litteratur).

Dersom du hentar stoff frå nettstaden vår, ber me om at du gjev opp fjotlandsrosa.no som kjelde. Kommersiell bruk av stoff eller idear frå nettstaden må avklarast og avtalast nærare med dei nettstadansvarlege.

Dei ansvarlege for desse sidene er Svein Arne Myhren og Per Øistein Rogstad. Me ønskjer at alle som vitjar nettstaden kan få læra noko om Fjotland og dei som har levd her opp gjennom tidene. Har de ris eller ros eller framlegg til tema som bør med, er det gildt om me fær høyra frå deg. Send gjerne e-brev til oss, anten til sam@fjotlandsrosa.no eller pr@fjotlandsrosa.no.