AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Tre kyrkjer – eitt jubileum

03.10.2011
Tre kyrkjer – eitt jubileum

14.-16. oktober blir det stort kyrkjejubileum i Fjotland. Alle dei tre kyrkjebygga skal markerast. Fjotland kyrkje 175 år, Netlandsnes kapell 125 år og Knaben kapell 75 år.

Fredagen er konsert i Netlandsnes kapell med urframføring av salme med melodi av Sverre Eftestøl og tekst av Synnøve Dunsæd. Laurdagen blir det festmiddag og markering av Knaben kapell. Biskop Olav Skjevesland kjem til Knaben, og han er også til stades på festgudstenesta i Fjotland kyrkje sundagen.
Knaben kapell blei vigsla 11. oktober 1936. Huset hadde allereie vore i bruk nokre som selskapslokale. Det gjekk under namnet Grubeheimen. Det var for lite til det etter kvart, og då kom det på tale å bygge det om til kapell. Det var Knaben molybden som kjøpte huset og kosta ominnreiinga til kyrkjekapell. Departementet godkjende planane, og i brev så seint som 5. oktober 1936 godkjende dei at huset kunne vigslast til kyrkjebruk.
Nesten 50 år tidlegare vart Netlandsnes kapell visla. Det skjedde 13. oktober 1886, og det var biskop Jacob Sverdrup Smitt som stod for det. Det var ei lang og strevsom reis, dalevegen var ikkje komen lenger enn til Engedal, og Lindelandsbrua var ikkje bygt. Fram kom han og dermed hadde også dei øvre gardane i bygda fått si kyrkje.
Fjotland kyrkje stod ferdig til vigsling 6. mai 1836. Det var den andre kyrkja på Fjotland. Den første tok dei til å bygge i 1670, og i rekneskapsboka for kyrkja stod det: ”Anno 1670 er Fjotlandskirke opbygd”.  Tor Veggeland skriv at det var helst at dei hadde fått ”timbra under tak det året, for ferdig blei ho ikkje på lange tider." Først i 1736 kan eine sei at ho var ferdig.  Knapt 100 år etter i 1834 blei ho riven, av di ho var for liten. Dermed fekk Fjotland si høgreiste kyrkje, slik vi ser ho i dag. 

Om ikkje skal vi legge ut fleire artiklar om kyrkjebygga, og deira historie.
 
Per Øistein Rogstad

Kjelde:
Tor Veggeland: Fjotland. Kultursoge. 1984
 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1122310 - Online: 8 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart