AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Stadnamn i Fjotland

07.01.2011
Stadnamn i Fjotland

På Fjotlandsrosa kan du no lese ein artikkel om alle dei 53 gardane i Fjotland som har eige gardsnummer. Artiklane tar mellom anna føre seg kva gardsnamnet tyder, ulike skrivemåtar opp i gjennom historia og kor ein elles finn gardsnamnet.

Å skrive om kva eit gardnamn kan tyde, er vanskeleg. Viktige kjelder i arbeidet har vore Norske Gaardnavne som kom ut tidleg på 1900-talet med namnegranskaren Oluf Rygh som redaktør, Norsk Stadnamnleksikon og Statens kartverk.

Eit døme på kor vanskeleg det kan vere å finne fram til kva eit namn tyder, kan vere gardsnamnet Røyland. Oluf Rygh meiner at det anten er frå elvenamnet Røya eller frå fuglen Røy, mest truleg det siste. Tore Kvinlaug har sendt oss eit e-brev der han held fram andre moglege tydingar:

"... fyrste gongen er nemnd som Rødland. Då blinka det iallefall nokre raude lamper hjå meg. Berre ta ein tur til Liknes, så finn du Rødland. Rett nok har O. Rygh ført opp namnet Røidland, men det gjer saka berre meir spanande. Dersom ein slår opp på Rødland og Røidland hjå O. Rygh, og samstundes ser for deg at garden ligg i ei bratt li under Fjotlandsfjellet, så forlet ein ført tankane på ei nært foreståande fuglejakt.
Hugsar eg ikkje feil, så er vel Røyland den garden i Fjotland som er først nemnd i skriftlege kjelder. Så då tykkjer eg det er naturleg å samanlikna namnet med Rudlende i Eiken. Men slår ein opp på dei forskjellige gardane som er nemnd under Rødland og Røidland, så ser ein at skrivemåten har endra seg opp igjennom tidene. I Åseral skriv dei bl.a Røyland, men der får namnet ei heilt anna tyding. Men kanhende det låg mykje stein under Fjotlandsfjellet, og at namnet kjem av norrønt røyrr, som kan tyde steinrøys?"


Så langt Tore Kvinlaug frå Hidra. Det er eit interessant innspel om namnet Røyland. Det er heilt riktig at garden har vore nemnd som Rødland i 1619, i følgje Rygh. Det finst mange varianter av namnet Rudlende; I Eiken har vi Rudlende, i Bjelland er garden Rullend, Rudlend i Grindheim, Røidland i  Åseral, Hægebostad og Kvinesdal, i Lyngdal og Kvås finn ein gardsnamnet Rudjord. Forstavinga ''rud'' kjem av rydning, og tyder på at det er ein rydda plass i skogen. Ut frå at garden Røyland i Fjotland ligg like under Fjotlandsfjellet, kan dette vere ei interessant tolking. Men også tydinga som Tore kjem med er like truleg, at namnet kjem av det norrøne ordet ''røyrr'' som tyder steinrøys.

Det er flott med slike innspel frå lesarane. Stadnamn har endra seg opp gjennom tida, og den opphavelege tydinga kan ha blitt borte under vegs. Det er spennande å prøve å finne fram til moglege tolkningar, om ein finn fram til den riktige kan ein aldri vere sikker på.

Les meir om stadnamn i Fjotland her:

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1175072 - Online: 13 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart