AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Mortensmøss og andre merkedagar

11.11.2010
Mortensmøss og andre merkedagar

Mortensmøss eller Martin bisp, er namna som ein i Fjotland har brukt på 11. november. Dette var ein av merkedagane på primstaven.

11. november er ein kyrkjeleg minnedag for St. Martin av Tours. Han kan du lese meir om på merkedagar her på Fjotlandsrosa. Dagen er ein av dei mange merkdagane på primstaven som vart nytta som ein slags ævekalendar. Kvar dag i året var skåre inn som ein strek eller eit hakk. Kvar sjuande dag, er ofte ekstra utheva. Helgedagar og særskilte merkedagar, var gjerne markert med eigne symbol. Etter at vår nåverande kalendar, den gregorianske, blei innført i 1700, vart primstaven framleis brukt til dømes i Fjotland til ut på 1800-talet.

Både året og årsrytmen var strukturert ut frå det praktiske arbeidet på garden. Attåt dette var kyrkjeåret med dei mange helgedagane, høgtidene og helgenmarkeringane viktige punkt i årssyklusen – også lenge etter at mange kyrkjelege markeringar var blitt fjerna ved reformasjonen og ved andre endringar i kyrkjekalenderen seinare.

 

 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1173668 - Online: 21 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart