AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

1000-årstreet ved Fjotland kyrkje

22.05.2010
1000-årstreet ved Fjotland kyrkje

17. mai 2000 var ein blaut dag. Då blei det planta eit tusenårstre ved Fjotland kyrkje. Dåverande soknerådsleiar Tom Arnold Lindefjell var ansvarleg for plantinga.

Treet blei planta like vest for kyrkja med musikk av Kvinlog skulekorps. Oddbjørn Stakkeland var vikardirigent for korpset den dagen. Det er Per Sverre Kvinlaug som har sendt desse bilda frå 17. mai 2000 til oss. Bilete kan vere eit godt døme på at det ikkje skal gå lang tid før ein kan sjå endringar.

Sjå fleire bilete her:

Nasjonaldagen i år 2000 er ein av dei blautaste i manns minne. Det var ikkje for ingenting at Johannes Rafoss kom stormande inn på festen på Kvinlog skule året etter på dypblaut med dress og det heile, rett frå dusjen. Kommentaren hans var bare: "Eg kjeme frå feiringa på Fjotland!"

PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1148497 - Online: 27 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart