AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Fjotland bygdemuseum og Fjotlandsrosa med nettsamarbeid

27.04.2010
Fjotland bygdemuseum og Fjotlandsrosa med nettsamarbeid

I løpet av nokre veker vil det bli litt endringar på Fjotlandsrosa. Då får me felles nettstad med Fjotland bygdemuseum.

Mandag 26. april 2010 valte Fjotland bygdemuseum og Fjotlandsrosa å innleie samarbeid om nettstad. Nettstadane blir separate, samstundes som dei vert vevd i hop. På www.fjotlandbygdemuseum.no kjem du til startsida til museet når den er klar om ikkje lang tid, og på same måte vil du framleis finne nettstaden til fjotlandsrosa.no som før. Øvst på sidene vil du lett kunne gå frå den eine nettstaden til den andre. Me vonar dette blir til beste for brukarar, og for museet og fjotlandsrosa. Førebels er startsida til museet lik Fjotlandsrosa, men det bør det bli ei endring på i god tid til nasjonaldagen.

Følg med:-)

PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1120855 - Online: 11 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart