AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Kvinesdal historielag årsskrift 2010

22.02.2010
Kvinesdal historielag årsskrift 2010

Barnevandringar, landhandlarar i Liknes og et minne frå sommaren 1969 er noko av det du kan lese om i 2010-utgåva av Årsskrift for Kvinesdal historielag.

Det 25. årsskriftet frå Kvinesdal historielag har no kome, og Årsskrift 2010 har mykje spennande lokalhistorisk stoff. I heftet som er på 192 sider kan du mellom anna lese om landhandlarar i 1930 åra, spor etter siste istid i Kvinesdal, barnevandringar og eit muntert sommarminne frå 1969 frå Rahommen.

Det siste er skriven av Jens Terje Rafoss som bur i Arendal, oppveksten hadde han i Rahommen, men med djupe røter frå Fjotland. Mor er frå Engedal. Sommarminne skildrar kor mykje oppstyr to unge løparar kunne vekke på Rafoss på slutten av 60-tallet. Når Kvinesdal to store løparess; Ingvald og Tor Tjørnhom, var ute på treningstur var eit uvanleg syn:

"Ja maken til galskap og bortkasta tid
sa far min og lyfte på hua si
springa som ville og nå midt i slåtten
så gale det er, eg kjem mest på låtten."

Martha Eftestøl er forfattar av "Bort og gjæta", som handlar om barnevandrarar frå Kvinesdal. Ein kuriositet for fjotlandsrosa.no er at ho har henta to dømer frå nettstaden vår. Berit Sjøstrand Olsen sine minne om oldefar Johan Didrikson Omland og hans eldre bror Lars, er referert.

Årets hefte har også dagboksnotatar frå Knaben frå 1956 og 1957 av Kolbjørn Sira.

I tillegg til mange gode artiklar, årsmelding for historielaget med aktivitetsoversikt, er nok medlemslista bakerst i heftet moro lesing for mange. Kven er med i laget, og kven er ikkje med. Medlemstalet er på heile 1206, og det er imponerande.

Takk til redaksjonskomiteen for årsskriftet som gjer ein framifrå innsats for hente fram viktig lokalhistorie.

Per Øistein Rogstad

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1122281 - Online: 15 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart