AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Selandsgubben

23.05.2009
Selandsgubben

I Selandsdalen på Stakkeland står det ein høgreist steingubbe og helsar skogskarar og turfolk velkomne. Bilete av Tore Kvinlaug saman med Selandsgubben, viser storleiken.

Det er grunneigar Aril Magne Stakkeland som har reist det morosame steinmonumentet som han har gitt namnet Selandsgubben. Det er nok ein moderne utgåve av dei gamle trolla. Om det har vore forteljingar om trollfolk i Selandsdalen, kjenner me ikkje til, men dette er i alle fall eit flott monument og eit fint landemerke.

Bilete blei tatt Kristi himmelfartsdag 2009 under ein tur som blei arrangert av Kvinesdal historielag og kyrkjelydane i Sirdal og Kvinesdal.

Per Øistein Rogstad

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1149014 - Online: 14 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart