AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Per Fjotlending

16.02.2009
Per Fjotlending

Per Fjotlending var ei handskriven avis som Austerdalen Ungdomslag starta opp med i 1913, og heldt fram med til 1957. Frå 1999-2002 gav Fjotland UL ut trykte hefte av den handskrivne avisa.

Per Fjotlending var ei handskriven avis som Austerdalen Ungdomslag starta opp med i 1913, og held fram med til 1957.
I 1997 nedsette Fjotland UL ei boknemnd som skulle leggja til rette for å gje ut stoffet i hefte. Til saman seks hefte har kome ut så langt. 1500-2000 handskrivne sider ligg til grunn for utgjevinga. Mesteparten av stoffet frå levetida til Per Fjotlending er med, men diverre er fleire av protokollane som avisa blei skrivne i som har blitt borte gjennom åra. I dei trykte hefta som kom ut mellom 1999 og 2002 er dei manglande utgåvene etterlyste, men så langt har ikkje boknemnda lukkast med å finna dei bortkomne protokollane. Mellom anna manglar det fyrste året, og også i åra framover til 1921 er det nokre hol. Likevel var det ein stor jobb ungdomslaget tok på seg, med å gje ut desse gamle handskrivne sidene med lokalhistorisk stoff. Fjotlandsrosa.no har fått lov å publisera frå hefta som framleis er å få tak i. Interesserte kan venda seg til Fjotland UL v/Geir Finnvold på post@fjotland.no.
Til kvart eit møte eller fest i ungdomslaget fekk ein eller annan i oppdrag å vera bladstyrar for avisa til neste møte. Så fekk denne inn stort sett anonyme innlegg til avisa, og det var bladstyraren sin jobb å velja ut det stoffet som skulle inn i avisa, skriva dette og lesa avisa opp på neste møte eller fest. I fylgje redaksjonsnemnda er det minst 106 personar som har vore bladstyrarar, mange meir enn ein gong. I alt kjenner ein til ca 320 utgåver av Per Fjotlending. Det var eit aktivt ungdomslag med opp til 24 medlemsmøte eller festar i året.
Stofftilfanget var vidt; eventyr og dikt, skjemt og alvor side om side.  Mange av dikta i avisa var høgtidsstemte og alvorsfulle som det vi finn 11. august 1919; Fylg meg du! I det seinste verset heiter det:

Fylg meg min ven lat oss strida for rett,
for menneskje heilt å verta.
Fylg meg og leid meg på sanningsveg,
so burt eg meg ikkje vildrar.
Fylg meg ein kveld når naturen ligg still.

Du held anden og kviskrar. Her kviler Guds fred.

Mindre alvorsfulle er mange av stubbane som ein finn i avisa, som denne frå 8. november 1914:

Presten: Hvorfor gaar du aldri i kirken Ola? Eg hev ingi passende klæder, svara Ola. Herren ser ikke paa klæderne, sa Presten. Nei, men han Lars i heia kunne kjenna at sjurta si, og Mads paa Berget buksa.

PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1149023 - Online: 9 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart