AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Då fjotlendingane sprang med tvora

09.12.2008
Då fjotlendingane sprang med tvora

Mange har gjerne høyrt om at fjotlendigane for ein del tiår sidan var ute med børsa jolekvelden for å "skjoda på grauden" - eit varsel til grannelaget om at grauten på garden var ferdig. Men det har òg vore andre skikkar knytt til grauten som blei laga til jolaftan. Ein av desse skikkane var å "springa med tvora".


Når grauten var ferdig, kunne ungdomen springa ut og gå tri gonger baklengs - mot sola - rundt badstova. Då ville den dei ville koma til å gifta seg med, syna seg og sleikja grautrestane av tvora. Om dette var eit gamalt sjekketriks der moglege interesserte beilarar fylgde godt med og dukka opp bak badstova, kan vel henda. I alle tilfelle var dette ein skikk som var i bruk kring 1850 og som både blei vurdert seriøst og som moro mellom fjotlandsungdomen på den tida. Her kan du lesa meir om å "springa med tvora" og andre liknande skikkar som var i bruk ved joletider.

SAM

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1150523 - Online: 19 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart