AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

”Vekkelsesvind” i Fjotland

10.11.2008
”Vekkelsesvind” i Fjotland

Ei spennande bok, Vekkelsesvind, har kome ut på Samlaget no i haust. Dette er ei kulturhistorisk og kulturanalytisk framstilling av fenomenet ’vekking’ av forfattarane Bjørg Seland og Olaf Aagedal, høvesvis historikar og sosiolog. Dei har begge tilknyting til Agder og har i fleire år arbeidd med ulike sider av vekkingstradisjonen i Noreg. Vekeavisa Dag og Tid har teke tak i denne nyutgjevinga, og i eit intervju med professor Olaf Aagedal i avisa 7. november blir Fjotland trekt fram som døme på den altomfattande karakteren vekkinga kunne få: ”Ei vekking i Fjotland på indre Agder på 30-talet sette merke på heile bygdelaget.”

Avisa siterer vidare frå boka til Aagedal og Seland om tilstanden i bygda midt i 30-åra: ”Alle møte mellom menneske og alle samvær mellom bygdefolk blei styrte av alvorlege tankar om liv og død. Predikantens bodskap om å omvende seg mens det enno var tid, sokk djupt i engstelege sinn. For her var det mykje å frykte for den som kjende at det stod om det store valet: frelse eller fortaping. Under vekkinga låg det så sterk ei åndsmakt over bygda, fortel indremisjonsfolket i ettertida, at dei søkande og dei nyfrelste kjende det som om Gud var overalt. Det var ingen plass ein kunne kome unna kravet om omvending.”

 

Neste år er det 75 år sidan den store vekkinga i Fjotland som det blir referert til her. Tida då fjotlendingane, etter tvo tragiske dødsulukker på Knaben og i Austerdalen, blei tekne av den store vekkinga og gav seg over til Gud: Det skjedde like godt på vekkingsmøtet som på bedehusbasaren og på besøk hjå naboen. Desse hendingane som kom til å prega generasjonar i bygda og som snudde opp ned på mange sider av folkelivet, vil bli teke opp på ulike måtar her på www.fjotlandsrosa.no til våren. Me kjem mellom anna til å presentera bakgrunnar for det som hende i 1934, fyrstehandsopplevingar av vekkinga og konsekvensar for folk og bygd og ettertid.

 

Fram til me publiserer desse artiklane på nettstaden våren 2009, kan me tilrå alle å lesa denne boka av Bjørg Seland og Olaf Aagedal som no er komen om den norske vekkingskristendomen der Fjotland og Agder har fenge sin sjølvsagde plass.

 

Svein Arne Myhren

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1175086 - Online: 14 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart