AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Jubileumshelga i Fjotland

31.08.2008
Jubileumshelga i Fjotland

Tri heile dagar til ende feira fjotlendingane tri måljubileum helga 29.-31. august. Konsert med Odd Nordstoga, kulturdag i Lindhommen og festgudsteneste i Fjotland kyrkje stod på programmet. Mange tok del for å feira 90 år med nynorsk kyrkjemål i Fjotland, 100 år med nynorsk i skulen og 150 år for Ivar Aasen si gjesting i bygda.

Det heile starta fredag kveld med konsert på Kvinlog skule. Meir enn 270 var innanfor konsertområdet denne kvelden. Fyrst ute var tvillingsøstrene Enny og Helene Stulien Lauen frå Byremo. Saman med mor Grethe, far Øystein og litlesøster Synnøve, sjarmerte dei scenevante jentene publikum. Ikkje minst vann litlesøster Synnøve på 7 år, mange hjarte.

Hovudattraksjonen Odd Nordstoga skuffa heller ikkje eit entusiastisk og ungt publikum. Med seg hadde han Thomas Tofte og Daniel Sandén-Warg. Sistnevnte kjem frå Sverige, no busett i Valle og etablert både som sylvsmed og folkemusikar. Trioen gav smakebitar frå Nordstogas nye CD Pilegrim som kjem ut i september. Publikum fekk også høyra fleire av dei kjende songane frå tidlegare utgjevingar som Heim te mor og Hallo, hallo. Det unge publikummet fekk også høyra sin favoritt: Grisen står og hyler.

Bilete frå konserten ligg her:

Laurdagen var dagen Ivar Aasen si gjesting i bygda skulle markerast. 26. juli 1858 kom den kjende folkemålgranskaren vandrande inn på tunet til Tosten i Lindhommen. Kvinesdal historielag la opp ei vandring frå Krågeland Skisenter fram til Lindhommen. 65 personar frå 6 - 82 år fylgde med på turen fram til Lindhommen. Aril Stakkeland var kjentmann på turen.

I Lindhommen fekk dei over 200 frammøtte ei flott kulturoppleving med vakker musikk av Wenche Hunsbedt Svindland, Sverre Eftestøl, Oddbjørn Stakkeland, Hildegunn Eftestøl, Kenneth Trælandshei og Svein Arne Myhren. Sistnemnde fortalde også historia om gjestinga til Ivar Aasen. Han gav eit interessant oversyn over reisa til Aasen sommaren 1858 frå Stavanger, over Ryfylke til Sirdal, vidare til Lindhommen og gjennom indre strok av Vest-Agder til Kristiansand.

Den kjende journalisten og kåsøren Andreas Hompland, som er oppvaksen på Storekvina i Kvinesdal, kåserte om nynorskens kår og om språk og identitet. Den lokale gardsmatbedriften Torvløbakken stod for matserveringa, og på menyen stod tradisjonsmat frå Fjotland. Folk koste seg i godvêret i Lindhommen. Som ein liten takk for lån av garden, planta arrangøren ei særmerkt bjørk. Då tuntreet i Aasentunet i Hovdebygda mellom Volda og Ørsta, bles over ende for nokre år sidan, blei det laga 300 genetiske kopiar av det gamle treet. Éin av desse kopiane har blitt erstatning for det gamle tuntreet i Aasen-tunet, men eitt anna eksemplar av dei 300 småbjørkene er då blitt planta i Fjotland.

Bilete frå kulturdagen:

Jubileumshelga blei avslutta med festgudsteneste i Fjotland kyrkje. Med fullsett kyrkje blei gudstenesta under leiing av sokneprest Gunnar Trægde Pedersen, ei flott avslutning av helga. Konfirmantane frå 1958 var innbedne til gudstenesta, det same var neste års konfirmantar. Lukas Leander blei døypt denne høgtidsdagen. Randi Helle song vakkert for kyrkjelyden Eg veit i himmerik ei borg og Ein fin liten blome, fint akkompagnert av Per Sverre Kvinlaug. Etter gudstenesta var det jubileumskake på kyrkjebakken og miniføredrag om innføring av nynorsk som kyrkjespråk ved Svein Arne Myhren.

Bilete frå jubileumsgudstenesta:

Per Øistein Rogstad

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1178174 - Online: 15 - Sist oppdatert: 27.06.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart