AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

73 bilete i årets fotokonkurranse

27.06.2016
73 bilete i årets fotokonkurranse

Vi gratulerar Cecilie Vatland Ravnevann med 1. premie i årets fotokonkurranse. Dermed klarte ho å gjenta bragden frå i fjor, då ho vann med eit bilete av sin bestefar. Tema i år var friluftsliv.

Det blei rekorddeltaking i årets fotokonkurranse med heile 73 bilete, sju meir enn fjoråret. Det var 34 ulike personar som sende inn bilete. Deltakarane var frå 11 - over 80 år. Juryen denne gang var Siw Moland Eftestøl og Helge Johnny Eiesland, som tok på seg den vanskelege oppgåve med å plukke tre verdige vinnarar blant mange gode bilete.

Cecilie Vatland Ravnevann vann 1. premie, gavekort på kr 2000 frå Handelshuset Kvinesdal, sponsa av Kvinesdal sparebank med dette flotte bilete:

2. premie, gåvekort på kr 750 gjekk til 15 år gamle Ole Andre Mygland. Han fekk same plassering for to år sida:

 

3. premie gjekk til den erfarne fotografen, Johannes Hamre, med dette flotte bilete:

I tillegg kunne dei frammøtte på Fjotlandsdagen stemme på sitt favorittbilete. Premien her stakk Lene Lovise Holgersen av med. Gåvekortet på kr 750 fekk ho for dette bilete:

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 863785 - Online: 5 - Sist oppdatert: 28.06.2017 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart