Vi gratulerar Cecilie Vatland Ravnevann med 1. premie i årets fotokonkurranse i regi av fjotlandsrosa.no og Kvinesdal sparebank. I alt fekk vi inn 69 bilder frå 32 ulike fotografar. Alle dei 69 bilda som blei sendt inn til konkurransen, blei presentert på storskjerm i Engedalsløa under årets Fjotlandsdag på Fjotland Bygdemuseum. Ein jury med Andy Syversen og Siw Moland Eftestøl valde ut dei tre bilda som blei premiert. I tillegg fekk eit anna bilde ein publikumspremie etter kåring på Fjotlandsdagen.
Cecilie Vatland Ravnevann vant 1. premie med dette flotte bildet av sin bestefar Gunvald Vatland på heietur. Premien sponsa av Kvinesdal sparebank var eitt gavekort frå Handelshuset Kvinesdal på kr 2500.

Malene Engedal tok ein flott 2. plass med dette bildet frå Engedal. Premien var ein DAB-radio:
3. plass gjekk til Wenche Vatland, med dette bildet av lammemor Hilde. Premien var ein Bluetooth høgtalar:

I tillegg blei det kåra ein publikumsfavoritt under Fjotlandsdagen. Her var det Siri Norås som gjekk seirande ut med dette bildet. Premien var også her ein Bluetooth høgtalar:

|