AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Fotokonkurranse på Fjotlandsrosa.no

15.06.2015
Fotokonkurranse på Fjotlandsrosa.no

Kvinesdal Sparebank og Fjotlandsrosa.no innnbyr til fotokonkurranse med temaet Kvardagsliv i Fjotland med frist 22.juni 2015. Kåring blir på Fjotlandsdagen 28. juni.

I 2014 var det ein tilsvarende konkurranse, då blei det sendt inn 61 bilder, og vinnarbildet var tatt av Tore Kvinlaug.Tema for årets konkurranse er "Kvardagsliv i Fjotland". Kvinesdal Sparebank har sponsa flotte premier. Vinnarane blir kåra på Fjotlandsdagen 28. juni kl 12-16 på Fjotland Bygdemuseum, og alle dei innsendte bilda vil bli vist på storskjerm i floren på Engedalsløa.

1. premie: Gavekort på kr 2500 frå Handelshuset Kvinesdal

2. premie: DAB-radio

3. premie: Bluetooth høgtalar

I tillegg blir det kåra ein publikumsfavoritt som også får ein Bluetooth høgtalar.

Send inn bilder til pr@fjotlandsrosa.no eller på instagram #fjotlandsdagen. Inntil tre bilder frå kvar fotograf. Frist for innsending er 22. juni.

Kvinesdal Sparebank og Fjotlandsrosa.no kan bruke dei innsendte bilda i etterkant.

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 986006 - Online: 25 - Sist oppdatert: 09.06.2018 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart