AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Takk for ein flott Fjotlandsdag 28. juni 2015

28.06.2015
Takk for ein flott Fjotlandsdag 28. juni 2015

Sundag 28. juni var det igjen fjotlandsdag på Fjotland Bygdemuseum. Vi takkar alle som var med å bidro til at dette blei ein vellukka dag.

Vêret var godt og var med å skape ei god ramme rundt dagen. Om lag 300 personar med store og små, var innom i løpet av arrangementet. Det var eit omfattande program med ponniridning, sporleik, gamle ringleikar, fotokonkurranse, Fjotlandsmaal og kunstutstilling med Leiv Knibestøl og Helga Narvestad. Ein gammal Deutz traktor utlånt frå Fossdal gard og to flotte bilar frå Martin og Ole Tom Eftestøl, var også med å skape god stemning.  Dagen starta med gudsteneste i Fjotland kyrkje kl 11, og kl12 opna portane på museumsområdet. 

Torvløbakkan gard selde Fjotlandstallerken og kaker, og 9. klasse ved Kvinlog skule hadde pølser, lappar og skuffekake på menyen. 

Dagen blei avslutta med konsert med Bjørn Jakob Wikøren, Per Sverre Kvinlaug og Kvinlogsjentene. Då blei forsamlinga også invitert med på allsang. Vårt band denne dagen var: Frode Aagedal, trommer, Lars Aksel Teistedal, gitar, Tom Egil Rødland, bass, og Per Sverre Kvinlaug, piano. Ole Hansen sørga for god lyd.

Siv Anita Narvestad vann sporleiken. Fotokonkurransen blei vunnen av Cecilie Vatland Ravnevand føre Malene Engedal og Wenche Vatland, mens Siri Norås stakk av garde med prisen for publikumsfavorittbildet.

Vi takkar styret for Fjotland Bygdemuseum for lån av det flotte museumsområdet, Kvinesdal Sparebank for godt samarbeid om arrangementet og ikkje minst Jan Terje Eftestøl for lån av strøm til lydanlegget.

 

 

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 985953 - Online: 22 - Sist oppdatert: 09.06.2018 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart