AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Årsskrift nr 29 frå 30-årsjubilanten

18.03.2014
Årsskrift nr 29 frå 30-årsjubilanten

Vi gratulerar Kvinesdal historielag med 30 årsjubileet og årsskrift nr 29. Ved inngongen til jubileumsåret har laget imponerande 1346 medlemmer.

Årets årsskrift føyer seg godt inn i rekka, med mye godt lokalhistorisk stoff. Også i år er det ein del stoff frå Fjotland.
Kenneth Trælandshei har skrive om Knabebue, som han kjøpte i 2000. Våren 2011 stod den ferdig restaurert på tunet hans på Raustad. Historia om bue som opprinneleg var oppførd på Knaben gard i 1818, er godt dokumentert. Eit godt stykke lokal kulturhistorie.

Del 2 av Jan Helge Fladmarks intervju med Jakob Berntson Eiesland (f.1915) må nemnest. Jakob B. fortel minne frå eit langt og aktivt liv både i poilitikk og samfunnsliv. I 28 år var han kasserar i Fjotland Sparebank. Han var også sterkt engasjert i striden om tvungen kommunal renovasjon. I år er det særleg minner frå barne- og ungdomsåra som blir trukke fram.
Anstein Dyrli Lohndal  skriv også vidare om follogsordninga i Feda, Kvinesdal og Fjotland sokn. Follog (kår) har røter tilbake til høgmiddelaldaren i følgje Lohndal. Det var ei ordning for mellom anna å ta hand om dei eldre, og det var ei juridisk bindande avtale i første rekke mellom tilårskomne ektepar og eldste sonen. Artikkelserien om follog vil halde fram i neste årsskrift.

Arild Husefjeld skriv ein artikkel om kafeane i Kvinesdal. Han nemnar også kafear i Fjotland. På Fjotland starta Dora Galdal kafe under krigen, og på Kvinlog var Anna på kafeen som også Tønnes Kvinlaug tidlegare har skrive om her på Fjotlandsrosa.no.

Årsskriftet blir sendt til alle medlemmer. Andre interesserte kan ta gå inn på nettstaden www.kvinesdalhistorielag.no eller kjøpa det på Kvina Fotosenter, Servicetorget på Rådhuset eller Knaben Landhandel.

PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1122311 - Online: 6 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart