AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no

Nytt årsskrift frå Historielaget

21.02.2012
Nytt årsskrift frå Historielaget

Om livet til forkynnaren Andreas Kvinlaug, dagboksnotat frå Knaben 1958-59 og Syvert Galdals vinterminne frå Galdalsvatnet, er noko av det som er å finne i Årsskrift frå Kvinesdal historielag i 2012.

Årets skrift er det 27. i rekka  frå Kvinesdal historielag. Det er eit imponerande lokalhistorisk dugnadsarbeid som historielaget har lagt ned sidan det første heftet kom ut i 1986. 
Det er Turid Stakkeland som har bearbeidd artiklar frå frikyrkjeorganet ”Budbæreren” om fjotlandsemissæren Andreas Kvinlaug. Andreas var fødd på Norås i Fjotland i 1873. Han levde eit omflakkande liv, nokre år i ungdommen var han også i Amerika. Men det var som forkynnar han sette spor etter seg. Etter 16 år som evangelist og forstandar i Aust-Agder, vende han attende til barndomsbygda Fjotland i 1935. Der måla han kyrkja på dagtid fram mot 100-årsjubileet, og forkynte Guds ord om kvelden.

Syvert Galdal skriv i Vinterminne at bestefar hans fortalde om snøvinteren 1877.
”Min bestefar mintest godt at snøen låg djup og isen sterk nok til å kjøre med hest og slede med lass over 16. mai det året. Våren kom seint. Pinsedagen gjekk folk til kyrkje på ski. Våronna kom ikkje i gang før langt ut i juni.”

Elles inneheld årsskriftet artiklar om mellom anna Utsikten kafe, krigsminne og slaktarane i Neset.
Då Kvinesdal historielag starta opp i 1984, var det bare 32 medlemmer i laget. Ved årskiftet var medlemstalet oppe i 1277. Det betyr at meir enn kvar femte kvindøl er med i historielaget, og det er imponerande.

Årsskriftet blir sendt til alle medlemmer. Andre interesserte kan gå inn på nettstaden www.kvinesdalhistorielag.no eller kjøpe det på Kvina Fotosenter, Servicetorget på Rådhuset og Knaben Landhandel.
PØR

 
Andre aktuelle saker
- Antall besøkende: 1150506 - Online: 5 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart