AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
På sporet av nynorsken i Ivar Aasens fotefar
På sporet av nynorsken i Ivar Aasens fotefar
Det er høgsommar 1858. Det er den 26. juli. Statsstipendiat og målgranskar Ivar Aasen kjem tuslande over heia frå Oftedal i Bakka til Lindhommen i Fjotland. Vêret er langt frå lageleg sommarvêr. Det blæs og regner. Det er nok ein dyktig våt Ivar Aasen som kjem til Lindhommen for å få nattely.
Klypp frå målreisingssoga i Fjotland
Klypp frå målreisingssoga i Fjotland
Den avgjort beste kjelda til målreisingssoga her i landet finn ein i ”Arkiv for norsk målreising”. Dette omfattande arkivet med avisutklypp frå heile landet frå tidleg på 1900-talet til midten av hundreåret, rommar òg viktige glimt av korleis landsmålet og nynorsken fekk innpass på fjotlandsk jord.
Då nynorsken blei kyrkjemålet i Fjotland
Då nynorsken blei kyrkjemålet i Fjotland
I 2007 var det hundre år sidan nynorsk liturgi for Den norske kyrkja blei godkjent. Det skjedde ved kongeleg resolusjon 28. oktober 1907. Det skulle bare gå 10 år før den nynorske liturgien blei teken i bruk i Fjotland. I desember 2007 var det 90 år sidan fjotlendingane røysta inn nynorskliturgien i både Fjotland kyrkje og Netlandsnes kapell.
- Antall besøkende: 863820 - Online: 38 - Sist oppdatert: 28.06.2017 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart