AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Fjotlandsk personnamnleksikon

Fjotlandsk personnamnleksikon

Fjotlandsk personnamnleksikon vil bli utstyrt med mange små artiklar om eldre personnamn ein finn i bruk i Fjotland fram til ca. 1900. Kvar namneartikkel vil innehalda namn (som regel med lokal uttale eller skrivemåte), opphav og tidsrom for bruk og litt om utbreiing i Fjotland.

Me vel å bare føra namneleksikonet fram til 1900. Etter dette endrar namne- og oppkallingsskikkane seg vesentleg, og ein fær meir generelle nasjonale og internasjonale namnetrendar. Men t.d. oppbløminga av norrøne og norsk namn frå slutten av 1800-talet og inn i mellomkrigstida, amerikaniseringa av namneskikkane på 40- og 50-talet, samt nyare namnetrendar med internasjonale og bibelske namn, fortel sine historier om samfunnet og kulturen namnegjevinga skjer i.

Her vil ein altså fokusera på å løfta fram den eldre namnetradisjonen. Om nokon skulle la seg inspirera av dette til å ta opp att gamle namn, ville ingen ting vera gildare enn det.

ME GJER MERKSAME PÅ AT NAMNELEKSIKONET ER UNDER OPPBYGGING. BARE NOKRE FÅ ARTIKLAR ER LAGDE UT SÅ LANGT.

Fylg lenkjene nedanfor, så finn du små artiklar om ulike namn alfabetisk opplista.

SAM

Frå A-E   Frå F-L   Frå M-R   Frå S-Å

 

Andre artiklar

- Antall besøkende: 863829 - Online: 47 - Sist oppdatert: 28.06.2017 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart