AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
07 Aamland Øvre

Aamland ligg på heia mellom Aust- og Vesterdalen, ikkje langt frå Homme. Garden er nemnd som Omlannd allereie 1594. I 1600, 1612, 1619 er den skriven Omland, før den i 1668 er skriven Øfre Ombland og Øfre Omland i 1723. Den første som er nemnd på garden er Øyu Tjodelsen (nemnd 1594-1626), og Aamland tykkjest å vere ein gard i hans tid.

Gardsnamnet Åmland finn ein mange stadar i Aust- og Vest-Agder, men også i Tokke og Kviteseid i Vest-Telemark. Namnet er i bruk både i Kvinesdal, Lyngdal, Åseral, Flekkefjord, Farsund og Mandal i Vest- Agder. Varianten Omland finn ein i tillegg i Kvinesdal, Flekkefjord og Farsund, samt i Telemarksbygdene Kviteseid og Drangedal.

I følgje Rygh kjem dette namnet av trenavnet alm. Stadnamnleksikonet har i eit tilfelle tyda forstavinga Åm- som Å eller elv. Det er likevel mest truleg at Aamland kjem frå Almland som Rygh skriv. Gardsnamn på -land er mest utbredt i Vest-Agder og Rogaland. Land tyder jordstykke, grunn.

PØR

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn
- Antall besøkende: 1120836 - Online: 10 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart