AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
03 Nedre Kvinlaug

Nedre Kvinlaug ligg i Vesterdalen på vestsida av Kvina, vest for Helle og ca 5-6 km sør for Øvre Kvinlaug. I 1594 vart garden skriven Quinnelog, i 1600 Quinnelogh, Quindelog 1612 og 1619. I 1668 Nedre Quindeloeg og Nedre Qvindeloug i 1723.

Lars Rodduson er den første som er nemnd som eigar (1594-1602). Han hadde i 1596 ein tenestegut, Hans Engtts, som vel må vera bymann eller danske. Gjøa Larsdotter, som var i gjestebod hjå Eiel på øvre Kvinlog 1584, er vel dotter til Lars Rodduson.

Kvinlaug eller Kvinlog er ikkje kjent frå andre stadar i landet i følgje Norgesglasset.no.

Det er sett saman av elvenamnet Kvina og laug. Elvenamnet Kvina kjem av det norrøne Hvina (kvine) altså elveduren. Log eller laug kan tyde:
I log m1 (norr l
ǫgr ''vatn, væske; innsjø, elv''. Det er det same som i elvenamnet lågen.
II laug n1 (norr laug f ''bade- el. vaskevatn, bad(eplass); av lauge) bad, vask ta seg eit l-
O. Rygh tolkar ikkje laug, men logHvad der her i Kvinlog er kaldet Log, er de to smaa Søer, som dannes ved Udvidelser af Elven ved Øvre og Nedre Kvinlog.”

Begge tydingar gjev meining. Ei utviding av elva gjev også høve til badeplass.

PØR

Kjelder:
O. Rygh:
Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Det Norske Samlaget: Nynorskordboka
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1129078 - Online: 10 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart