AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Rosemålar – handverkar – kunstnar

Handverkaren
Det er alltid vanskeleg å vurdera folkekunsten i høve til den profesjonelle kunsten utøvd av utdanna kunstnarar. Å vurdera rosemåling som kunst er difor litt problematisk om ein legg vanlege definisjonar på kunst til grunn. Det blir rett og slett urettferdig i høve til rosemålinga og målaren. Ein bruker gjerne omgrepet ’folkekunst’ i samband med rosemåling. Folkekunst er kunst skapt av vanlege folk for vanleg folk, og utøvaren har ikkje formell utdanning i faget sitt. Me kan langt på veg seia at folkekunsten og bygdehandverket er tilnærma samanfallande omgrep.

Når ein då vurderer det kunstnarlege nivået i rosemålinga, må ein òg leggja til grunn dei føresetnadene rosemålarane arbeidde under: Då blir ein ofte fascinert av kva dei kunne få fram av vellukka resultat. Dei var meir eller mindre sjølvlærde eller opplærde i eit bygdemiljø utan noka formell utdanning frå kunstskular eller akademi. Dei færraste hadde gått  i handverkarlære – iallfall ikkje det me kjenner til av målarane i Vest-Agder. Me veit t.d. ikkje kvar den skuledannande rosemålaren i den vestegdske tradisjonen, Tore Asbjørnson Risøyne frå Fjotland, lærde seg målinga si. Han var truleg autodidakt, dvs. sjølvlært. Fyrste store arbeidet hans var den såkalla Tonstadbua (1780) som står på fylkesmuseet i Kristiansand i dag. Her er veggene rikt dekorerte med ranker, blomar og motiv frå bibelsoga. Figurarbeidet er naivistisk og viser dels manglande anatomiske kunnskapar som ein utdanna kunstar nok ville gremme seg over. Men dette arbeidet fullførte han berre 18 år gammal, og ut frå dei nemnde føresetnadene er det ein ganske fantastisk prestasjon me her talar om.

Sjølv om det altså ikkje eksisterte noko formelt handverkslaug på bygdene med meister og svein, slik det var i byane, er det likevel interessant å sjå korleis kunnskapar og yrkesutøving blei overleverte frå eldre til yngre målarar. Ein blei sosialisert inn i yrket på same måte som det gjekk føre seg i arbeidsfellesskapen på tvers av generasjonane på garden – eller for den del slik meister overleverte kunnskapar om handverket til læresveinen i byen. Me veit at Tore Asbjørnson Risøyne hadde med seg sambygdingen Gudtorm Person Eftestøl som hjelpegut då han hadde oppdraget med å måla Grindheim kyrkje i 1791. Då var Gudtorm ikkje meir enn 12 år gammal . Vidare var det den same Gudtorm Eftestøl som var meisteren då han og den om lag 30 år yngre medhjelparen Knud Knudson Årstøl (f. ca. 1810) fleire år seinare måla Bjelland kyrkje .

Kunstnaren
Ein viktig føresetnad for å lukkast som rosemålar var jo at ein kunne måla. Det var sjølvsagt skilnad på dei som hadde kunstnargivnaden og dei som ikkje klarte å skapa eit særeige uttrykk og kanskje helst var noko tunge på penselen. ”Å måla som Gudtor i Eptestøl” var eit lovord i rosemålarbygda Fjotland . I ettertid er det vel òg Gudtorm Eftestøl frå Fjotland som har blitt rekna for den fremste representanten for rosemålinga i Vest-Agder. Også Torgrim Olson Knaben (1774 – 1840-åra) gjekk i dei indre bygdene for å vera ein dugande målar. Sønene fylgde etter faren i den same gjerninga, men skal ikkje hatt den same teften og givnaden som han. Eine sonen, Olav Torgrimson Knaben, som arbeidde mykje i Sirdal, skal visstnok blitt kalla Klabb-Ola på folkemunne. Og det er vel truleg på grunn av målinga hans han fekk dette utnamnet. Handverket er såleis ikkje alltid som me her høyrer, synonymt med kunst.

Så når rosemålaren kom til gards, var det altså ikkje fyrst og fremst kunstnaren som kom på besøk. Det var målaren som skulle utføra eit stykke arbeid . Den jamne rosemålaren blei sett på som ein handverkar i samtida si. Inngåande, praktiske kunnskapar som å kunne riva og blanda fargar og laga til eigne spesialreiskapar, var ein viktig del av det ein rosemålar måtte meistra. Men så må ein ikkje gløyma at dette praktiske og dels matnyttige handverket var den arenaen dei verkeleg dugande og gåverike utøvarane hadde til å uttrykkja seg som kunstnarar.


På målarferd
Rosemålaren var ein omreisande handverkar som tilbaud tenester. Han kunne vere bodsendt, eller han var på utkikk etter arbeid der han fór frå bygd til bygd. Han er såleis ein del av ei utvikling på bygdene der mellom anna handverkarar og handelsfolk, tenestefolk og gjætarar måtte leggja ut på lengre eller kortare arbeidsvandringar for å skaffa seg innkomer. Dei blei ei gruppe på landsbygda som spreidde og mottok impulsar frå andre bygdelag. Rosemålaren hadde gjerne vore i byen på oppdrag eller for å handla farge og utstyr. Slik hadde dei gjerne sett og opplevd mykje meir enn det mange i bygda og på garden hadde.

Dokumentasjon på reiseaktiviteten finn me mellom anna i folkeminnet: Rosemålaren Torgrim Olson Knaben i Fjotland var mykje ute og måla. Ein gong han hadde fortalt om ferdene sine, sa ei av døtrene: ”Å du fælighed! Verde er vide, tenk Spind og Spangereid, byen og Hidra”. Torgrim Olson Knaben døydde i 1840-åra, og denne herma har jo blitt meir komisk med åra ettersom kommunikasjon og reisevanar etterkvart har endra seg. Men utsegna kan likevel lesast som eit vitnemål om vørdnad som følgde den som måtte reisa ut frå bygda for å livnæra seg. Samstundes kan ein lesa beundringa for den som hadde høvet til å oppleva andre forhold enn dei ein var vane med i heimbygda.

Det beste vitnemålet som dokumenterer arbeidsferdene til rosemålaren har me frå Ole Goudson frå Versland i Kvinesdal. Han skreiv arbeidsdagbok, og her har han notert ned reiserutene sine, kvar han arbeidde og kva han fekk i betaling. Ole Goudson gifte seg og busette seg i Sør-Audnedal, og herfrå var han sentralt plassert for å utøva handverket sitt i store område av Agder. Han tok på seg husmåling i sommarhalvåret og rosemåling i vinterhalvåret, og han er sånn sett ein typisk representant for den rosemålande handverkaren.

Mangesyslaren
Til like med mange andre bygdehandverk var rosemålinga eit handverk som kunne gje ekstra arbeid og inntekter attåt det ein hadde av utkome i jordbruket. Rosemålinga var såleis i ein periode ei viktig attåtnæring i delar av Vest-Agder. Gardane var jamt over små og ofte tungdrivne i vårt område. Arbeidet på garden var som no mest intenst i den varme årstida, og det skapte ein årsrytme som gav rom til anna syssel i vinterhalvåret. Dei fleste av rosemålarane i Vest-Agder var knytte til primærnæringane, og det resulterte i ein type sesongarbeid. Var han vekke i arbeidsperiodane, måtte familien ta ansvaret for å driva garden.

Det er kjent at somme av dei mest kjende handverkarane i Noreg alt tidleg spesialiserte seg på kunsthandverket sitt. Me veit at Skjåk-Ola i Ottadalen sa frå seg odelen til storgarden han hadde rett på og flytte til ein husmannsplass så han kunne konsentrera seg om handverket sitt - treskjerarkunsten. Dette er sjølvsagt eit særtilfelle. Men det er klart at handverket kunne gå ut over gardsdrift – om omvendt. Dei fleste rosemålarane var heller ikkje spesialistar. Dei dreiv gjerne fleire handverk eller var knytte til fleire yrke – dei dreiv mangesysleri. Gudtorm Person Eftestøl var ein slik mangesyslar. Han var også velkjend som treskjerar, som tømrar og som snikkar. Han hadde på denne måten fleire bein å stå på. Han kunne ta fleire og ulike oppdrag: Det kunne vera både snikkararbeid, treskjering og måling. Sjølv om dette var ein særleg gåverik universalist, var ikkje kombinasjonen med andre yrke uvanleg. Her fanst kombinasjonar som husmålar og rosemålar; kyrkjesongar, lærar og rosemålar; spelemann og rosemålar osb. Ofte ser ein kombinasjonen av fleire yrke med kunstnarlege tilsnitt.

Kor blei det av rosemålarane?
Industrialiseringa utover 1800-talet skapte også grunnleggjande endringar i bondesamfunnet, det me gjerne kallar det store hamskiftet, med ny teknologi, pengehushald og tilgang til rimelege industriframstilte varar. Dette var faktorar som var med på å utkonkurrera rosemålingshandverket – industri utkonkurrerer handverk. Samstundes blei det meir vanleg med såkalla ådringsmåling på dører og møbel, dvs. treimitasjonar av t.d. eik, kirsebær, mahogni og liknande. Dette blei meir og meir  populært, og rosemålinga gjekk rett og slett av moten. Men ser ein på utviklinga i målinga på Agder, var det lenge før rosemålinga blei vekke som levande handverk, men det er teikn som tydar på lite nyskaping og utvikling i utøvinga. Kulturhistorikaren Gisle Midttun (1881 – 1940) hevdar dette synet i ein artikkel frå 1925, og han meiner at målinga utover 1800-talet blir ”meir og meir turr. Dei hermer etter kvarandre og tek dei same motivi uppatt og uppatt, til det vert keidsamt. Det er berre handverk. Rosemålingi held seg til ikring 1880; med då er det slutt. Det siste vert fargane meir og meir ljote og høver ikkje godt i hop. Sume gjer so reint for mykje av det òg. Dei toler mest ikkje å sjå ein flekk av botnfargen. Det heile skal vera utfylt med rosor."

Men sjølv om rosemålinga gjekk ut som eit levande, tradisjonelt handverk, kom det til å leva vidare i andre former. Mange eldre handverk var i skotet då den nasjonale bylgja skylde over landet kring 1900, men då kanskje meir som husflids- og fritidssyssel. Slik gjekk det òg med rosemålinga, og ’rosemålaren’ blei dermed etterkvart gestalta i andre idealtypar enn den omreisande, mangesyslande handverkaren. Etterkvart har òg vestagderstilen i den nyare hobbymålinga meir eller mindre forsvunne til fordel frå rosemåling med røter i Telemark og Hallingdal formidla på rosemålingskursa. På mange måtar kan ein seia at det stadeigne, vestegdske uttrykket blei borte med den rosemålande handverkaren.

Av Svein Arne Myhren

(Artikkel er ein lett bearbeidd utgåve av ein artikkel som tidlegare har vore prenta i heftet «en rose er en rose er en rose» - skoleutstilling, s. 6 – 8, som fylgde utstillinga med same namn i regi av Den kulturelle skulesekken og Vest-Agder fylkeskommune i 2004.)

[1]  Ellingsgard 1985:16
[2]  Lindefjeld 1984:296
[3]  Lindefjeld 1984:296
[4]  Brekke 1985:36
[5]  Midttun 1925:91

Litteratur:

Brekke, Nils Georg 1985.

Ellingsgard, Nils 1985.

Lindefjeld, Vidar 1984.

Midttun, Gisle 1925.
 

- Antall besøkende: 1043599 - Online: 16 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart