AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Ekte festgudsteneste

Det blei ein verdig og storslagen jubileumsgudsteneste i Fjotland kyrkje sundag 16. oktober. På gudstenesta deltok biskop Olav Skjevesland, og mellom anna nåverande og tidlegare fjotlandsprestar - representert ved mellom anna sokneprest Gunnar Trægde Pedersen og pensjonert fjotlandsprest Tor Spilling.

Fjotland kyrkje var fullsett av ein festkledd forsamling.  Gudstenesta var ei markering av 175 års jubileet til Fjotland kyrkje. I løpet av helga hadde kyrkjelyden markert Netlandsnes kapell 125 år og Knaben kapell 75 år.

Eit barn blei boren til dåpen og årets konfirmantar var med under prosesjon i starten av gudstenesta og forbøn. Prestane kom på rekke og rad etter dåpsfølgjet og konfirmantar i prosesjonen. Først blant prestane gjekk dagens sokneprest Gunnar Trægde Pedersen og diakon og prest Espen Gya, dernest tidlegare kapellanar i Fjotland, Anders Mathias Larsen, Bjørn Kinserdal og Tor Spilling i lag med sokneprest i Kvinesdal Leiv Gunnar Skiftun, sist i følgje kom prost Hilde Sirnes og ikkje minst biskop Olav Skjevesland.

Flott song og musikk sette sitt preg på gudstenesta. Sverre Eftestøl var dagens organist og hadde god hjelp av Oddbjørn Stakkeland på trompet. Per Sverre Kvinlaug var solist, med gode framføringar av mellom anna nokre songar av Bjørn Eidsvåg, og han blei akkompagnert av Oddbjørn Stakkeland på flygelet.

Gudstenesta blei avslutta med ei nyskriven salme av Synnøve Dunsæd som Sverre Eftestøl har sett melodi til: ”Takk, Herre Gud for glede og for lys”. Salma blei urframført under konserten i Netlandsnes kapell, fredag. Det er ei flott salme som er god og synge. 

Før forsamlinga gjekk ut av kyrkja, hadde ordførar Odd Omland ei kort helsing til festlyden. Ute på kyrkjebakken venta ei festkake som var eit vellukka jubileum verdig.

Her kan du sjå bilder frå festgudstenesta:

 

- Antall besøkende: 1087279 - Online: 14 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart