AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
”Det var ikkje godt for barnet å venda namnet…”

Litt om endringane i oppkallingsskikkane i Fjotland:

  

Dei eldste namna

Det blir vanskeleg å skulla setja opp kva for namn som er dei mest opphavlege og ekte fjotlandske, men mange av namna med norrønt opphav, har hatt namneberarar i bygda så lenge dei skriftlege kjeldene kan vitna om: Namn som t.d. byrjar på Tor-, As-, Ve(r)-, Øy- og Gun- så som Torborg, Asgjerd, Vermund, Øyu  og Gunhild, eller endar på -u(lv), -borg/-bjørg, -mund, -hild/-el og -gjerd så som Gunnu, Asborg, Osmund, Ragnel og Targjerd, er gamle i Fjotland.

 

Kristne namn

Namneskikkane i Fjotland har sjølvsagt alltid vore i endring og utvikling. Kristninga av landet førte til at ”nye” namn fekk innpass og levde side om side med dei gamle norrøne namna. Namn me i dag oppfattar som opphavlege, norske som Mari og Per, er eigentleg variantar av dei bibelske personnamna Maria og Peter, og Kari og Nils er t.d. norske former av helgennamna Katarina og Nikolas. Men desse namna har vore i landet og bygda i fleire hundreår. Tilsig av stadig nye namn har elles kome med personar som har gifta seg til bygda frå grannebygdene.

 

Motenamn på 1800-talet

Men namneskikkane har endra seg i Fjotland over fleire generasjonar. På slutten av 1700-talet og tidleg på 1800-talet tok alt fleire nye namn og namnekombinasjonar til å få innpass som ikkje før hadde vore nytta i bygda. Ei stor gruppe namn som kjem då, er t.d. kvinnenamna som endar på –ina/-ine/-eina, slike som Severine, Sereina og Katreina. Dette blir motenamn som bryt med oppkallingsskikkane som hadde rådd i bygda. Elles er det på dette tidspunktet skikken med dobbelnamn kjem inn: Ein fær kombinasjonar som Hans Jakob og Abel Maria.

 

Nasjonale straumdrag

Neste store endring i namnegjevinga kjem mot slutten av 1800-talet då nordiske og norrøne namn vinn popularitet igjen. Men denne gongen vel ein namn frå sagatida eller endrar lokale namn til det ein oppfattar som meir korrekt, historisk og nasjonal skrivemåte: Fjotlandsnamn som Tøri og Joren blir til Turid og Jorunn. Denne tilbakevendinga til det nasjonale held seg jamt sterk til krigen.

 

Amerikanisering og internasjonalisering

Eit anna stort brigde i namneskikken er dei amerikanske namna som kjem inn mot slutten av mellomkrigstida og aukar i popularitet etter krigen. Arbeidsvandringar til USA er sjølvsagt mykje av grunnen til at tettleiken av desse namna er høg i vestre Vest-Agder og Fjotland i etterkringsåra. Dei siste åra har tendensen vore at svært mange born fær namn henta frå populærkultur og mediesamfunn. Også her er engelskspråkleg påverknad tydeleg, og mange vel såkalla internasjonale namn med engelsk skrivemåte.

 

Oppkallingsmønster i det tradisjonelle bondesamfunnet

Oppkallingsskikkane i Fjotland fylgde dei mønstera som var vanlege i det gamle bondesamfunnet dei fleste stader i landet. Bygdesamfunnet var eit gards- og ættesamfunn, og namneskikkar fylgde ætta og garden etter bestemte tradisjonsbundne reglar. Såleis kan ein finna einskildnamn som lenge var typiske for éin enkelt gard eller for nokre få gardar. Det var fast skikk at foreldra til det nyfødde barnet kalla opp foreldra sine fyrst. Det var foreldra til faren som fyrst blei æra med oppkalling. Eldste guten skulle ha namnet etter farfaren, men budde og levde dei på ættargarden til kona, var det far hennar som blei kalla opp fyrst. Slik heldt namnetradisjonen seg gjerne ubroten, om eldste sonen fekk leva opp, ta over garden og føra slekta vidare. Eit og same namnet gjekk då igjen i annankvart ledd.

 

Kor sterkt oppkallingstradisjonen stod, gjev segna om Brose i Knaben – siste heidningen i Fjotland – eit glimt av:

 

Son til Brose var døypt, og sameleis heile husfolket. Dei tykte det var ei skam at den gamle husfaren døydde heidning. So vilde dei ikkje kalla han upp.

Soneson til Brose livde au paa garden etter far sin. Han gifte seg og fekk ein son. Men den vesle guten var onnorleis enn andre born. Naar det slokna på aren, sette han i aa skrika som det galdt livet, og inkje kunde dei stogga han.

            I Førelandsaasen livde ein gut av ætti deira, og den var synsk. Dei henta han upp til aa sjaa kva tiss var med barnet. Guten la seg i ognskronbenkjen um kvelden. Daa elden slokna,  sette barnet i aa skrika som vanlegt.

Ser du noge? sa mannen i huset til guten.

Jau menn ser eg hell! sa guten. Eg ser ein gamol bøyd’e mann, kvidhærd’e me i stor krogette nos ò kvasse aue. Han stenn’e bøyd’e øve guden, ò vil de ska kadd’an upp att.

Aa, sa faren. Dè e gamle hedningen Brose; ò Brose ska ’an heida!

Sidan tagde barnet um det vart myrkt, og han vart som eit anna barn.

So vart guten kalla Brose. (Lunde 1924)

 

Kor mykje sant det er i denne forteljinga, kan ein stilla spørsmål ved, men det viktige her er korleis segna gjev eit innblikk i korleis ein tradisjonelt har tenkt om oppkalling og at mykje skulle til for å vika frå dette.

 

Då dei vende namnet

Den langt på veg regelstyrte oppkallingsskikken med direkte oppkalling av besteforeldregenerasjonen med deira rette namn, blir noko mindre tydeleg gjennomført utetter 1800-talet. Eldste guten fekk nok i regelen enno farfarsnamnet, men særleg jenteborna blir gjevne nye, ”moderne” namn: Namn som byrjar på same førebokstaven som eldre slektningar kjem inn som lån utanfrå i fleire og fleire syskenflokkar. Dette er éin viktig grunn til at gamle namn blir vekke ut gjennom 1800-talet. Tradisjonsnamn som ein kjenner så langt attende kjeldene talar forsvinn. Namn som Hoskuld og Adlaug blir erstatta med Hans Tobias og Antonetta.

 

Årsakene til at ein tok til å ta lettare på dei tradisjonelle oppkallingsskikkane var fleire. Tradisjonen måtte vika for moderne mentalitet og nye måtar å tenkja på kring ætta og individet. Det som hadde vore, var ikkje lenger sjølvsagt praksis. Den enkelte var ikkje lenger styrt av tradisjonssamfunnet sine uskrivne reglar, og nybakte foreldre avgjorde namnevalet meir på eiga hand og ut frå nye kriterium. Motar og fleire påverknadskjelder verka i større grad inn på dei indre bygdene no – også på namnefronten. Men ein kan stundom spora årsaker til endringar i det tradisjonelle bondesamfunnet sjølv.

 

Korleis oppkallingsskikkar kunne bli endra

”Det var ikkje godt for barnet aa venda namnet etter den som skulde kallast upp, helst naar det var eldste guten som skulde døypast”, skriv folkeminnesamlaren Peter Lunde i boka Kynnehuset frå 1924. Likevel kunne det vera unntak frå regelen. I grannebygda Eiken blei det halde fram at ein ikkje måtte kalla opp folk som hadde fenge ein vanlagnad – altså opplevt mykje vanskeleg i livet. Tanken byggjer nok på ideen om at det vonde ligg til namnet. Dette kan truleg ha vore vanleg tankegang også i Fjotland. Kanskje draumen om eit lettare og meir moderne liv er noko av bakgrunnen for at andre namn som blir oppfatta som meir moderne enn tradisjonsnamna, kjem inn?

 

At eigenskapar og levemåten til ein person var knytte til namnet, kunne vera bakgrunn for at ein valde å endra namnet ved oppkalling. Dette har me fenge eit tidleg døme på gjennom den alt nemnde segna om Brose i Knaben – men der tradisjonen ved hjelp av ”maktene” sikrar at namnet gjeng vidare til nye generasjonar. Eit nyare handfast døme på at ein faktisk gjekk til det steget å venda namnet, finn ein på fjotlandsgarden Spikkeland. Soga tek utgangspunkt i ætta etter Tron Hoskuldson Kvinlaug på Spikkeland:

 

Te hans ti hadde dei på Spikkeland halle vyrnaden for ættefaren uppe i dæ minsta mæ nabne. Dæ va Tron å Atlak å Atlak å Tron alt fort. Men då dennæ Tron gjipta sæg å fekk sin fysste son, kadda dei han Andrias. Då blei gamle Atlak idda ve(d) å sa: ’Nå bli dæ skrab med dei på Spikkeland, nå dei vende nabne’. Å dæ blei dæ. (Den seinste) Tron budde på garen te sin dø. Men bodnan laud ifrå, va lide vyrde å he hatt vondt for å hjelpa sæg (Liestøl 1925)

 

Bakgrunnen for at Atlak Tronson (1782-1854) ikkje blei kalla opp att, skal ha vore arvestrid i familien. Sonen Tron Atlakson (1807-94) meinte systrene hadde fenge for mykje med seg frå garden. Faren blei rett nok oppkalla med same førebokstaven, men andre sonen til Tron fekk namnet åt svigerfaren, så det var tydeleg at noko ikkje var som det skulle. Forteljinga uttrykkjer òg tanken om at namneendringane kunne føra med seg negative konsekvensar for ætta og enkeltpersonar, slik dei historiske fakta i ettertid understrekar spådomen til gamlefar Atlak i dette tilfellet.

 

Dette siste dømet er nok ikkje typisk bakgrunn for namnebrigda i bygda på denne tida, men like fullt er det eit av mangfaldige døme på dei mange og store namneendringane som kom med full tyngd frå slutten av 1700-talet. Men mange av dei namna som då kom, blir i dag oppfatta som fjotlandske tradisjonsnamn, slik me innleiingsvis såg bygdebokforfattar Tor Veggeland uttrykkja. Truleg ser fleire med vedmod på at 1800-talsnykomarane som Severine, Antonetta, Tønnes og Andrias blir trengde vekk når nye personnamn og andre namnemotar har teke over og fjotlendingar i dag gjeng rundt og heiter Sonja, Anita, Tomas og André.

 

Nokre av dei riktig gamle fjotlandsnamna har overlevt til i dag og har meir enn éin namneberar i yngre årsklassar. Dette gjeld helst dei korte namna, slike som Sven og Siri. Namneforskarar og trendforskarar meiner ein no vil sjå ei ny vending attende til norske namn etter mange år med ein sterk internasjonal namnemote. Kanskje tida snart igjen er inne for gamle fjotlandske namn som t.d. Steivor, Asgjerd, Tosten og Annsten?

 

Svein Arne Myhren

Kjelder:

Gulbrand Alhaug: Namnemotar i Noreg frå 1700-talet til i dag. I: Språknytt 2/2008

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok 1949

Johan Jerstad/Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979

Knut Liestøl: Folkedikting. I: Gisle Midttun (red.) Norske bygder. Vest-Agder I 1925

Peter Lunde: Kynnehuset 1924

Anders Næss/Olav Kolltveit: Døypenamn og namneskikk. I: Strandebarm og Varaldsøy i gamal og ny tid. Bygdesoga 1981

Tor Veggeland: Fjotland. Kultursoge 1984

- Antall besøkende: 1118194 - Online: 15 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart