AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
45 46 Nedre og Øvre Bruli

Nedre Bruli og Øvre Bruli ligg sør for Veggeland  i Austerdalen, nordaust for Galdalsvatnet. Bare Narvestad i Vesterdalen, ligg lenger sør i gamle Fjotland kommune. Dei er nemnd som Øfre og Nedre Brulie i 1668, og Øfre og Nedre Bruelie 1723.

Etter den store nedgangsperioden på 1300-talet blei Bruli, Haddeland, Høydal, Valdro og Mygland, lagt under Veggeland, skriv Jerstad/Veggeland i Gards- og ættesoge.  Dei skriv at Øvre Bruli blei folka i 1644. Den første som er nemnd på Nedre Bruli er Gaud Atlakson Veggeland (1594-1683), og kan ha kome dit omkring same tida som Øvre Bruli blei tatt i bruk..

Som gardsnamn finn ein ikkje Bruli andre stadar i landet, men både i Kvam i Hardanger og i Froland i Aust-Agder er Bruli kjend som namn på ei li. I Konsmo finn ein namnet Brulia på eit nedlagd bruk. Brulia er elles i bruk i Trøndelag og Romsdal. Mange stadnamn har –li som siste ledd. I Fjotland har vi det også i gardsnamna Bergesli, Gunnsteinsli og Salmeli.

I Norske Gaardnavne blir det nemnd at det er to bruer ved staden gardane ligg. Mens Norsk Stadnamnleksikon meiner at  forstavinga Bru- i namn som Bru, Brusand og Bruvik, kan kome frå det germanske ordet ’bru’ som tyder rand, kant. Dette kan gje meining også til Bruli i Fjotland som ligg like nedanfor Brueheia. Hadde namnet hatt med bruene over Litleåna å gjere, hadde neppe heia hatt dette namnet.

PØR

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Tilbake til framside stadnamn

- Antall besøkende: 1131157 - Online: 13 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart