AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
44 Veggeland

Garden ligg sør for Eiesland i Austerdalen, på austsida av Litleåna. Garden er nemnd som Veggelannd i 1594. I 1600 er garden skriven for Vegeland. Weggeland er den skriven i 1619, 1668 og 1723.

Etter den store nedgangsperioden på 1300-talet blei Bruli, Haddeland, Høydal, Valdro og Mygland, lagt under Veggeland, skriv Jerstad/Veggeland i Gards- og ættesoge.  Dette meiner dei kan vere grunnen til at folketrua har gjort garden til den eldste i bygda saman med Øvre Kvinlaug.  Johan Jerstad meiner at garden først heitte Berkjeland, og då låg garden ved Berkjelandsvodden sør for Berkjelandstjødne. Seinare blei garden flytta til der den ligg no, og då fekk den også namnet Veggeland.

Gardsnamnet Veggeland er ikkje kjend frå andre bygder i Noreg. I Kvås i Lyngdal har ein namnet Vegge, som truleg har same opphav. Forstavinga ’Vegge'' finn ein i gards- og naturnamn over heile landet.

Oluf Rygh meiner at garden opphaveleg har hatt namnet Veggjarland, og at namnet kjem av at den ligg nær ein fjellvegg. Forstavinga ’Vegg-’ er i oftest nytta i denne tydinga. I følgje Rygh finst også dømer på veg i tydinga veg, men når naturen er som på Veggeland i Fjotland, og i til dømes som Vegge i Kvås, er det mest truleg at namnet  skuldast nærleiken til ein fjellvegg. Dette er ein av dei atten –’land’ bruka i Fjotland som ein finn i matrikkelen frå 1950. 

PØR

Kjelder:
O. Rygh:
Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland.
Sogebok.1949
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland.
Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Tilbake til forside stadnamn

 

- Antall besøkende: 1131177 - Online: 11 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart