AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
42 Høydal

Garden ligg nær Valdro like vest for Haddeland i Austerdalen. Oluf Rygh skriv garden for Høidalen. I 1612 er den nemnd som Høedall, i 1668 som Høidal og i 1723 som Høydahl.

Dette er det einaste bruket med dette namnet i Agder-fylka, men det er i bruk på fleire gardar i Sogn og Fjordane, Nordland og Telemark .

Garden blei folka i 1611. Knut Brynjelson Veggeland er den første som er nemnd på garden.

Namnet har same tyding som Høyland som ein finn på mange gardar på Sør-Vestlandet.   Rygh meiner ’Høy-’ tyder slåtteland. Høyland skal då kunne tyde land der det veks godt med høy. Også namn som Høland i Akershus og Hølonda i Sør-Trøndelag har same opphav. Høydal må da vere ein god dal, der det er godt vokstergrunnlag for høy. Dette er ein av fire gardar (Engedal, Vordal og Galdal) i Fjotland som endar på –dal, tre av dei ligg i Austerdalen.

 PØR

Kjelder:
O. Rygh i L. Daae: En Krønike fra Kvinesdal
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok.1949
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

TIlbake til  stadnamn

- Antall besøkende: 1131128 - Online: 5 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart