AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
29 30 Nedre og Øvre Harbakk

Garden ligg sør for Røyland og Bergesli, og vest for Fjotland. Det var to gardsnummer i Harbakken, øvre og nedre. Harbachen vart garden skriven 1668. I 1723 var garden delt i Harbache øvre og Nedre Harbachen. Delinga av Harbakk har vore slik fram til vår tid. Også i matrikkelen frå 1950 var det to ulike gardsnummer på Øvre og Nedre Harbakk, nr 29 og 30 i  nemnde rekkefølgje.

Den første som er nemnd på Øvre Harbakk er Ommund (n. 1680). På Nedre Harbakk er Sigbjørn Olsen (f. 1624) og Odd Olson (f. 1628) nemnd som bønder i 1664. Dei var truleg to brør som hadde garden saman.

Gardsnamnet Harbakk finst også på Lista og Finsland i Songdalen. I bestemt form ’Harbakken’ er det nytta som gardsnamn i Rissa i Sør-Trøndelag og Saltdal i Nordland.

Namnet kjem frå norrønt ’harðr’ som tyder hard, og som O. Rygh skriv i Norske Gaardnavne: ”Er folkesprogets Hardbakke, tør, stenet Bakke” .

PØR

Kjelder:
O. Rygh:
Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976

Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1131141 - Online: 14 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart