AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
19 Netland

Netland ligg i Vesterdalen,på vestsida av Kvina, like sør for Risnes.  I 1612 vart garden skriven Nedland, mens i 1619, 1668 og 1723 var det Netland.

Futen Niels Jenssøn selde i 1508 øydegardane Netland og Risnes til sirdølen Kolbein Gudtormsen Josdal, og sonen Gullik kom med siste betaling 1541.

I Vest-Agder er dette gardsnamnet berre å finne i Nes ved Flekkefjord, Gyland og Fjotland, mens i Rogaland finn ein det mellom anna i Eigersund, Soknedal og Bjerkrheim. Dette er same namnet som Nesland. I Åseral er finst ein gard med namnet Nesland elles finst det mellom anna sju stadar i Telemark og fire stadar i Aust-Agder.

Garden ligg på eit Nes i Kvina, og difor har den fått namnet Netland (sl – tl). Gardsnamn på land er mest utbredt i Vest-Agder og Rogaland, og -land tyder jordstykke, grunn.

PØR

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framisda stadnamn

- Antall besøkende: 1131158 - Online: 14 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart