AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
17 Moland

Moland ligg aust for Kvina, mellom Gunsteinsli og Netland. Garden er nemnd som Moeland i 1668 og 1723. I 1643 åtte Knud Krågeland og medarvingane Krågeland, og dette året åtte Tosten Homma i Gyland garden Moland, men Knud må ei tid ha ått heile Moland, og han er nemnd der frå 1636-49

Moland er eit namn ein finn mange stadar i landet frå Målselv og Ibestad i Troms til Lindesnes i sør. I Vest-Agder er det også i bruk som gardsnamn i Marnardal og Vennesla. Som mange andre land-namn er det utbredt i Agder-fylka, men også på Austlandet finn ein gardsnamnet i mange bygder i Telemark, Vestfold, Hedmark og Akershus.

Mo kjem frå ’mór’ som tyder sand eller grusslette. Stadnamnleksikonet stør oppunder denne tolkinga, og seier at mo tyder tørr grusslette.

Gardsnamn på -land er mest utbredt i Vest-Agder og Rogaland. Land tyder jordstykke, grunn.

PØR

Kjelder:
O. Rygh:
Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland:
Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1131160 - Online: 14 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart