AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
12 Lindeland

Lindeland ligg i Kvenåsen skulekrins like sør for Seland. Garden er skriven Lindeland i 1668 og 1723.

Lindeland var øydegard under Seland og blei folka i 1617 av Olav Eielson øvre Kvinlog. Det gamle Lindeland må ha lege vest for elva.

Lindeland finn ein berre i Gjesdal, Øvre Sirdal, Fjotland og Nes (Flekkefjord). Kortforma av same namnet Lindland er i bruk i åtte kommunar frå Time i vest til Tvedestrand i aust. Også for dette namnet er hovudtyngda  i Vest-Agder, med fem gardar med dette namnet.

I følgje Rygh er Lindeland kalla dette fordi det var: ”Sted, bevoxet med Lindetræer”. Stadnamnleksikonet omtalar ikkje Lindeland spesielt, men skriv tilsvarande om stadnamn som Linderud og Lindeberg i Oslo og Akershus.

Gardsnamn på -land er mest utbredt i Vest-Agder og Rogaland. Land tyder jordstykke, grunn.

PØR

Kjelder:
O. Rygh: Norske Gaardnavne
Jørn Sandnes og Ola Stemshaug: Norsk stadnamnleksikon 1976
Johan Jerstad og Tor Veggeland: Fjotland. Gards- og ættesoge 1979
Statens kartverk: Norgesglasset.no

Til framsida stadnamn

- Antall besøkende: 1131146 - Online: 11 - Sist oppdatert: 20.02.2020 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart