AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
Fjotlandsk ordsamling i Norsk Ordbok

Arbeidet med Norsk Ordbok tok til i 1930. Målet var å skapa eit ordboksverk over det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket. Det fjotlandske talemålet har ein plass også i dette arbeidet.

 

Det Norske Samlaget sette i gang innsamling av ordtilfanget i dialektane frå heile landet. Vidare byrja ein å samla inn og registrera ord i trykte bøker på nynorsk. Attåt denne innsamlinga blei eldre, nynorske ordsamlingar redigerte saman til eitt manuskript – det såkalla Grunnmanuskriptet. I dette manuskriptet var det særleg dei omfattande ordbøkene til Ivar Aasen, Hans Ross og Steinar Schjøtt som dana grunnlaget.

 

Det lokale innsamlingsarbeidet

Kring om i landet hadde Norsk Ordbok kontaktar gjennom mållaga og andre som tok på seg å samla inn ord frå dei ulike, lokale talemåla. Tradisjonsord frå dialektane blei sende inn og systematiserte i det såkalla setelarkivet der opplysningar om m.a. kjelder, ordklasse, bøying, heimfesting, heimelsperson og innsamlar blei ført på. Om lag 600 heimelsfolk frå alle delar av landet deltok i arbeidet. Frå Fjotland var det særleg bygdebokforfattaren Johan Jerstad som bidrog med å senda inn ord og uttrykk til det store setelarkivet.

 

 

Døme på ordsetel med ordet 'gorre' samla inn i Fjotland av Johan Jerstad (Faksimile henta frå setelarkivet: www.edd.uio.no)

 

Jerstad hadde innsamlarkollegaer over heile landet. I grannebygdene til Fjotland arbeidde lærarar og andre på same måten: Reinert Ersdal i Bakke, Ånen Håberg i Eiken, Ludvig Jerdal i Kvinesdal, Peder Kydland i Gyland, Gisle Tjersland i Nes, Arnold Liland i Øvre Sirdal. Av desse er det særleg Håberg frå Eiken som har gjort ein stor innsats. Frå denne bygda er det i fylgje Setelarkivet samla inn meir enn 12 000 ord.

 

Norsk Ordbok 2014

I alt finst det 3,2 millionar setlar i arkivet basert på både munnlege, innsamla kjelder og skriftlege kjelder. Norsk Ordbok som starta opp i 1930, er no inne i ein opptrappa prosjektfase der målet er å ferdigstilla verket til 200-årsmarkeringa for den norske Grunnlova i 2014. Då vil det tolvte og siste bandet vera klart.

 

Fjotlandske ord i Setelarkivet til Norsk Ordbok

Setelarkivet i Norsk Ordbok inneheld 1529 ordsetlar frå Fjotland som er digitaliserte og tilgjengelege på nettet. Her finn ein m.a. verb som ’kræla’, ’kleisa’ og ’meinlysa’; adjektiv som ’knauren’, ’mæten’ og ’sjådren’ og substantiv som ’nasesinne’, ’sabbetråvar’ og ’miskunnsfitta’  Fleire ord og setlar frå Fjotland kan du sjå her. Blad deg fram til ’Fjotland’ under søkjefeltet ’herad’, så fær du opp meir enn 1500 fjotlandske ord du kan kosa deg med.

 

Svein Arne Myhren

Kjelder:

Lars S. Vikør: Norsk Ordbok – femtiåring ved ein skiljeveg. I: SPRÅKnytt nr. 3/2000

http://no2014.uio.no

- Antall besøkende: 1043559 - Online: 33 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart