AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
11.02 Taksigelsesfest for Luteri Lærdom

 

2.11.   

Den 2. november var i før-reformatorisk tid allesjelersdag. I katolsk tradisjon er dette minnedag for alle kristne som har gjenge bort. Kyrkjelydane i heile landet mintest og gjekk i forbøn for dei avlidne som var på kortare eller lengre opphald skirselden.

 

Etter reformasjonen, på 1600-talet, fekk dagen nytt innhald. I luthersk lære tilkjenner ein ikkje personar helgenstatus. Allehelgensdag fekk meir form av minnedag for alle døde, og allesjelersdag, 2. november, fekk nytt innhald: Takkeseiingsfest for Luthers lære. 1600-talet stod i ortodoksiens teikn: Ein la vekt på ’Den rette læra’. Såleis var det viktig for den lutherske kyrkja å verja om den lutherske læra og avvisa falsk lære som ein hevda katolsk lære var. Dette er bakgrunnen for at ”Taksigelsesfest for Luteri Lærdom” kom til som ein årleg minnefest for Luthers innsats. I gudstenesta denne dagen bad ein takkebøna for reformasjonen og preika om Luthers verk. Den historiske bakgrunnen for å ha minnedagen denne dagen, var at Martin Luther hadde slege opp tesane sine på kyrkjedøra i Wittenberg – handlinga som innleia den lutherske reformasjonen. Takkeseiingsfesten for Luthers lære fall dels saman med helgemesse. Vektlegginga av den lutherske læra prega dagen sterk til langt inn på 1800-talet.

 

Fjotlendingen Per Jesperson Stakkeland (1763-1846) nemner dagen i annalane sine som preikesundag i 1817. Då har han notert at han har vore til Gyland kyrkje.

SAM

Kjelder:

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970

Hallgeir Elstad/Per Halse: Illustrert norsk kristendomshistorie 2002

Johan Jerstad: Fjotland. Lesebok. Fjotland 1964

Vera Molland: Helg og høytid. Oslo 1997

- Antall besøkende: 1073746 - Online: 26 - Sist oppdatert: 22.09.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart