AESTON
Fjotlandsrosa.no Fjotlandbygdemuseum.no
12.13. Lucia. Lussinote

 

13.desember

Dette er minnedagen for Heilage Lucia frå Syrakus på Sicilia som leid martyrdøden kring 304 under dei harde kristenforfylgingane frå den heidenske, romerske keisaren Diokletian. Lucia er ein såkalla jomfrumartyr: Ho hadde gjort lovnad til Gud om å ikkje gifta seg, men bruka livet sitt til beste for dei fatige. Då mora vil gifta henne bort til ein heidensk mann, ber ho Gud om hjelp. Det endar med at ho slepp ekteskap, men då sladrar den krenkte mannen til styresmaktene: Ettersom ho høyrer til ei ulovleg religiøs sekt, dei kristne, blir ho idømt straff – til straffarbeid på bordell. Når ingen fær rikka Lucia frå rettsstaden, blir ho etter mange forsøk avretta.

 

Markeringa av Lucia har stande sterkt i Italia og i Skandinavia – særleg i Sverige. Dagen har vore feira som ein ljosfest.

 

Etter gamalt var dette dagen som innleidde jola. Såleis skulle alt grovarbeidet vera ferdig til då. Dette er nok bakgrunnen for forteljinga om skræmslefiguren Lussi som i folketradisjonen har fjerna seg milevidt frå helgenlegenda om kvinna frå Sicilia, ja, ho blir ein demonisk motsetnad til den ljose helgenen:

 

”Dei måtte ikkje baka lefsor lussikvelden. Gjorde dei det, kom Lussi og tok kjevlet og slo av armen. Der var ei som gjorde det. So kom Lussi, ’Det er lussikvelden i kveld,’ sa ho. So svara hi: ’Lussa du kor du kann, / eg lussa min leiv fram’. Men ho miste eine handi for det.” (Lunde1925/Jerstad 1949)

 

Dagen var òg lenge rekna som lengste dagen i året, og mørkret  kunne etter folketrua føra med seg særlege fenomen: ”Lussinotti kunde kyrne tala. ’Lussinote langa’, sa ei kyr. ’Ja, ho er som tvo,’ svara den andre.” (Jerstad 1949)

 

I Stakkelandsannalane etter Per Jesperson (1763-1846) stend òg korleis Luciadagen innleidde som fyrste merkedag i jolehøgtida: ”Lucie. Fra Lucie regnes de 12 Merkedager eller Netter som kaldes Julemerker.”

SAM

Brynjulf Alver. Dag og merke. Oslo 1970

Olav Bø: Norske årshøgtider. Oslo. 1980

Johan Jerstad: Fjotland. Sogebok. Fjotland 1949

Johan Jerstad/Tor Veggeland. Fjotland. Gards- og ættesoge. Kvinesdal 1979.

Peter Lunde: Kynnehuset. Oslo 1925

www.katolsk.no, 20.7.2008

- Antall besøkende: 1051587 - Online: 31 - Sist oppdatert: 25.06.2019 - Legg til i favoritter - Tips en venn - Nettstedkart